Ovnsbakt torsk med valnøttpesto

ovnsbakt torsk med valnøttpesto

Vi prøvar å ete torsk ein gong i veka, og målet er å auke det til to. Leit etter fisk som er ”sea frozen” slik at du unngår fisk som er sendt til Asia for å få sprøyta saltvatn i seg: Ja takk til rein mat! Her får du her ei enkel middagsform med gode smakar, og med så mange grønsaker er det noko for ein kvar.

Til 3-4 personar treng du:

  • Ca 400 g torskefilet
  • 4 poteter (amadine)
  • 1-2 gulrot
  • ½ raud paprika
  • ½ gul paprika
  • ½ grøn paprika
  • 1 liten rødløk
  • ½ squash
  • salt og peppar
  • nøytral olje (eg brukte kokosolje)

Valnøttpesto

  • 2 store nevar friske basilikumblad
  • 1 neve valnøtter
  • 1 neve riven parmesanost
  • 3-4 ss olivenolje
torsk

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 200 grader.
  2. Del opp fiskestykka i passe porsjonsbitar og salt dei godt.
  3. Lag valnøttpesto ved å kjøre alle ingrediensane i ein kjøkkenmaskin eller finhakke dei og blande dei godt. Spe med olivenolje til passe konsistens.
  4. Smør ei eldfast form med olje. Bruk gjerne kokosolje (sjå tips under).
  5. Del alle grønsakene i bitar og legg i forma.
  6. Skyl av saltet på fiskestykka og tørk dei godt med kjøkkenpapir.
  7. Legg fiskestykka på grønsakene og fordel pestoen over. (Får du pesto til overs, kan denne oppbevarast i kjøleskap. Bruk den på brød, pizza, pasta eller anna kjøt).
  8. Steik midt i omnen i ca 30 min, til fisken flakar seg.
  9. Set forma rett på bordet; middag!
torsk middag

Tips til bruk av oljer: kokosolje tåler høg temperatur utan å bli omdanna til transfett slik dei plantebaserte oljene gjer. Dei plantebaserte oljene (Raps-, solsikke- og maisolje) er og med på å gje oss for mykje omega-6 i forhold til omega-3, så om du kuttar ut å bruke dei så mykje og passar på å ta tran kvar dag har du gjort mykje for å rette opp den skeive balansen:)

Dette får du sjølvsagt kjøpt på helsekost, men om du vil teste iherb finn du dei som eg kjøpte sist her:

Extra virgin gir ein liten smak av kokos, medan vanleg kokosolje er utan smak og perfekt til steiking om du ikkje vil ha med søtsmaken. Skal du handle på iherb for første gong kan du bruke denne koda TRR705 for å få opptil $10 i avslag. (Hugs å halde deg under 200 kroner for å unngå toll (dollarkurs her) og vekt opp til 1814 g for å kunne velje det billegaste alternativet ($4) til frakt.)

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.