Vekemeny 51

Det er fjerde søndag i advent og alle lysa er tende!

No tenner vi det første lys,
åleine må det stå.
Vi ventar på det vesle barn
i krubba lagt på strå.

No tenner vi det andre lys,
dei står der stilt og skin.
Vi ventar på at Gud, vår Far,
vil sende Sonen sin

No tenner vi det tredje lys,
det er eit heilagt tal.
Vi ventar på at Kongen vår
skal fødast i ein stall.

No tenner vi det fjerde lys
og natta vert til dag.
Vi ventar på ein Frelsarmann
for alle folkeslag.

hjemmelaget riskrem

I det vi tenner det fjerde lyset helsar vi samtidig vekemeny 51 velkommen, og ser at slutten på 2016 nærmar seg med stormskritt.

Dette blir absolutt ikkje ei kvardagsveke med kvardagsmat, her blir det festmat når vi nærmar oss helga, men før det treng ein kjappe, enkle middagar slik at ein kan bruke tid på dei siste julekakene, dei siste julegåvene og den siste julevasken.

Desserten denne veka er mokkafromasj, min familie sin absolutte favoritt, og desserten som må stå på dessertbordet. I allefall når det er jul! Den anbefalast å prøve, tradisjonar med innespel av nye favorittar er jo aboslutt den beste måten å feire på.

pinne kjøtt middag

Mandag

Nachos

So enkelt og so godt! Krydra kjøttdeig med litt futt i og tortillachips rundt kanten. Ein liten svipptur inn i steikeomnen for å smelte osten og vips er det klart… Fortsett å les »

Tysdag

superenkel fiskegrateng

Superenkel FISKEGRATENG

Superenkel fiskegrateng er verkeleg så enkel som den høyres ut. Denne versjonen treng verken forkoking av makaroni eller fisk, og er laga på 1-2-3. Kjøpeversjonen har ikkje sjanse i konkurranse… Fortsett å les »

Onsdag

”Squagetti” med tomatsaus

Spagetti laga av squash har dukka opp på fleire og fleire matbloggar siste året, og sjølv om eg ikkje har funne denne geniale dingsen som heiter spiralizer nokon plass, var… Fortsett å les »

Torsdag

Kjapp kyllingwok med fennikel

2 kyllingfiletar 1ss soyasaus 1ss sweet chili saus 2 gulrøter 4 asparges 2-3 vårløk ½ raud paprika ½ fennikel Del kyllingen i bitar og legg den i ein brødpose saman… Fortsett å les »

Lille julaftan

risengrynsgrøt

Risengrynsgraut

Graut (eller grøt om du vil) er standard laurdagslunsj hjå oss. Det veit gutane, og dei veit óg at etter grauten kjem laurdagsgodtet. Då er vi sikra at dei et… Fortsett å les »

Julaftan

hvordan lage pinnekjøtt

Pinnekjøtt med rabbestappe

Pinnekjøtt med rabbestappe er det eg har vakse opp med som middag på julaftan, og framleis det eg helst vil ete om eg får velje. Den lukta som blir i… Fortsett å les »

1. juledag

Waldorfsalat

På eit godt koldtbord høyrer sjølvsagt Waldorfsalaten med, og den lagar du enkelt sjølv! Denne oppskrifta har eg fått frå svogeren min, som alltid stiller med deilig Waldorfsalat til koldtbordet…. Fortsett å les »

Vekas julebakst

flettaloff

Fletteloff

Fletteloff høyrer med til jul og høgtid, og gjer seg ekstra godt på eit fint dekka frukostbord eller buffétbord. Kanskje skal du invitere inn til ein god familielunsj og vil… Fortsett å les »

Vekas brødmat

rundstykkerose

Valnøttroser

Valnøttroser er ekstra flotte å sjå på og er grove og gode rundstykker å setje på bordet. Den fine rosa får du ved trille ei pølse som du slår ein… Fortsett å les »

Vekas dessert

Mokkafromasj

Mokkafromasj var det beste eg visste då eg var lita. Eg hoppa glatt over alt anna på kakebordet for å orke meir av denne fantastiske desserten. Og då snakkar vi… Fortsett å les »

Vekas godis

"bounty"

«Bounty» utan sukker

Desse små herligheitene, «Bounty»,  har gått ned på høgkant i det siste. Kokos har verkeleg vokse på meg det siste året, og eg diggar det. Kokosmjølk i smoothien, i kyllinggrytene… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.