Valnøttroser

rundstykkerose

Valnøttroser er ekstra flotte å sjå på og er grove og gode rundstykker å setje på bordet. Den fine rosa får du ved trille ei pølse som du slår ein knute på og legg endane fint til. Det er slett ikkje vanskeleg når du har gjor det ein gong eller to, men fortvil ikkje: du finn steg for steg og bileter under.

Går du i gong å bake må du gjerne dele resultatet med meg på instagram og snapchat: @kvardagsmat 🙂

verdens beste rundstykker

24 stk valnøttroser:

  • 175 g grov sammalt rug
  • 225 g grov sammalt kveite
  • 350 g fin spelt
  • 1050 g kveitemjøl
  • 200 g finhakka/kverna valnøtter
  • 1 pk tørrgjær
  • 1 ts salt
  • 2 ss flytande honning
  • 3 dl appelsinjuice
  • 9 dl lunka vatn
https://plus.google.com/u/0/112616052630157360787 hvordan lage valnøttroser bake valnøttroser oppskrift valnøttroser

 

bake roser hvordan bake oppskrift rundstykker

Slik gjer du:

  1. Mål opp alt det tørre i ein bakebolle.
  2. Bland appelsinjuice med varmt vatn slik at du får ei fingervarm væske.
  3. Elt saman i kjøkkenmaskin i 7-10 min til du har ei jamn deig som slepp bakebollen.
  4. Dekk bollen med eit lokk/ein tallerken og la etterheve til dobbel storleik, 1-2 timar.
  5. Del deiga i 24 like store emner.
  6. Trill ei pølse, slå ein knute og legg endane inntil som vist på bileta.
  7. Legg på bakepapirkledd steikebrett og la etterheve under eit klede i 30 min.
  8. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
  9. Pensle med litt vatn og steik eit brett i gongen til valnøttrosene er gylne under.
  10. Avkjøl på rist.
  11. Nyt med godt pålegg, og pakk dei du får til overs i tette plastposar og legg i frysaren til seinare.
marimekko

Frosne valnøttroser:

  • La dei tine på benken og varm dei i 3-4 min på 150 grader varmluft.
  • Set dei direkte frå frysaren inn i kald omn og skru på 180 grader varmluft, la dei stå i 10-13 min.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.