Mokkafromasj

Mokkafromasj var det beste eg visste då eg var lita. Eg hoppa glatt over alt anna på kakebordet for å orke meir av denne fantastiske desserten. Og då snakkar vi eit stort sunnmørsk kakebord altså.

mokkafromasj

Mokkafromasj

Dessverre var det sameleis for dei fleste av søskenbarna mine også, så kampen om mokkafromasj var på ekte. Så pass at tanta mi, som alltid tok med denne desserten, stilte med to og tre store skåler av denne desserten.

mokka fromasj

No når vi har blitt vaksne har vi lært å hegne oss, og dei fleste av oss søskenbarna forsyner seg heller litt av alle dessertane i staden for å gå i kamp om mokkafromasjen. Dei fleste altså. For mokkafromasj-kampen er framleis ein ting når vi søskenbarna samlast. Nokre ting er verdt å kjempe for. Eg berre nemner det. Smak den du også, og sjå om du er enig!

Oppskrift på Mokkafromasj

1 skål / ca 10 personar porsjon / Tid: 30 min + kjøleskap over natta

  • 3 egg
  • 100 g sukker
  • 3 dl kremfløyte
  • 1,5 dl sterk kaffi
  • 5 plater gelatin
  • 1 plate mørk kokesjokolade
  • Mokkabønner til pynt
  1. Mål opp varm kaffi og ha i gelatinplatene. Rør til dei er heilt oppløyste og la så kaffien stå for å bli romtemperert/kald.

  2. Rasp sjokoladen, anten på eit rivjarn eller i ei kjøkkenmaskin.

  3. Pisk egg og sukker til luftig eggedosis.

  4. Visp kremfløyta for seg sjølv til luftig krem i ein annan bolle.

  5. Bland forsiktig eggedosisen og kaffien, og vend til slutt inn kremen til du har ei jamn blanding.

  6. Set blandinga i kjøleskapet til fromasjen byrjar å "setje seg" litt (10-15 min), vend så inn den raspa sjokoladen og hell over i ei fin skål. Set skåla i kjøleskapet over natta.

  7. Pynt med mokkabønner og resten av den raspa sjokoladen før servering.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.