”Squagetti” med tomatsaus

squagettiSpagetti laga av squash har dukka opp på fleire og fleire matbloggar siste året, og sjølv om eg ikkje har funne denne geniale dingsen som heiter spiralizer nokon plass, var dette enkelt å lage med eit julienne-jarn (har du ikkje det kan du bruke ein ostehøvel og ein kniv). Tynne strimlar av squash, med mild smak og nydeleg tomatsaus til. Ein sikker kvardagsmiddag som fell i smak hjå små og store.

Til 3-4 personar treng du:

  • 3-4 squash (1 til kvar person)
  • 400g karbonadedeig
  • 1 løk
  • 1-2 fedd kvitløk
  • 1 boks hakka tomat
  • 3 ss tomatpuré
  • 2 stangselleri-stenger
  • 1 gulrot
  • basilikum, oregano, salt og peppar, evt litt sukker
  • 2 ss olivenolje
  • evt. parmesanost på toppen
spaghetti av squash

Slik gjer du:

  1. Fres karbonadedeiga på høg varme, medan du hakkar den opp, til den er gjennomsteikt. Ha over på ein tallerken og set til side.
  2. Skjær løken, gulrota og stangsellerien i terningar og steik den på middels varme i litt olivenolje til den er blank. Finhakk kvitløk og ha i.
  3. Tilset tomatpure og hakka tomat. Kok opp.
  4. Krydre med 1ts basilikum og 1ts oregano, smak til med salt og peppar. Synes du tomatpuréen smakar for skarpt kan du ha i ei klype sukker.
  5. Ha i karbonadedeiga og la småkoke medan du lagar klar squashen. (Vil du ha glatt “barnevenleg saus, brukar du stavmiksaren før du har i karbonadedeiga).
  6. Skrell squashen (valfritt) og bruk ein spiralizer/eit julienne-jarn eller liknande til å lage tynne strimlar.
  7. Ha litt olivenolje i ei steikepanne og steik squagettien på middels varme i nokre minutt.
  8. Server squagetti med tomatsaus og gjerne parmesanost på toppen.
”Squagetti” med tomatsaus

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.