Nachos

nacho


So enkelt og so godt! Krydra kjøttdeig med litt futt i og tortillachips rundt kanten. Ein liten svipptur inn i steikeomnen for å smelte osten og vips er det klart for bordet! Veldig populært som middag ein litt trå kvardag eller god nok som snack på ein helgekveld, eller kanskje begge deler? Dette er det lett å verte hekta på:) Har du steikepanne som tåler å stå i steikeomnen følgjer du berre framgongsmåten under, viss ikkje er det berre å helle over i ei eldfast form før du danderer tortillachips rundt.

taco

Til ca 4 personar treng du:

  • 400 g kjøttdeig
  • 1 løk
  • 400 g hakka tomat
  • 2-3 ss tacokrydder
  • 1 pose tortillachips (resten set du på bordet i ei skål)
  • 1 neve reven mozzarellaost
  • friske urter og lime på toppen

Server gjerne med salat, litt rømme og guacamole til.

 

enkel nachos

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 200 grader.
  2. Del løk i terningar og fres dette i litt olje til løken er blank.
  3. Ha i kjøttdeiga og la den steike med til den er gjennomsteikt.
  4. Ha over tacokrydderet og bland det godt inn.
  5. Hell over hakka tomat og fres i 2-3 minutt.
  6. Legg tortillachips rundt heile kanten, ha over ost og set steikepanna i omnen til osten har smelta, det tek 5-10 min.
  7. Ha over friske urter og limebåtar.
  8. Nachos!
nachos

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.