Vekemeny 49

2. søndag i advent og tid for ei av dei siste normale vekene dette året, og dermed tid for å planleggje kva som skal stå på middagsbordet. Sidan det er desember har eg inkludert forslag til julekake du kan bake også i menyen, og så håper eg du klikkar deg rundt og finn inspirasjon til å lage noko godt.

valnøtter lys

Denne månaden er det kvardagsmat som har utfordra dei andre norske matbloggarane, og etter å ha vore på tur til krydder-landet India måtte det bli noko inspirert der i frå!. Utfordringa er å lage noko med julekrydder i og dele på bloggen sin og på instagram. Om du også er på instagram må du gjerne slenge deg med og bruke #oppskriftsutfordringen @kvardagsmat -det er berre kjekt:)

lefsebaking

I går hadde vi den årlege potetlefse-bakedagen på kjøkkenet mitt, og det gjekk kjapt og greitt. Vi blir alltid overraska over kor lett og raskt det går når ein er komt i gong -og noterer for kvart år at vi lett kan lage fleire typar lefser når vi først er i gong. Denne gongen testa vi glutenfrie lefser før vi starta med dei andre, og det funka fint! Lefsebaking er eigentleg utruleg kjekt, sjølv om det gir litt opprydding og mjøl-støvsuging i etterkant. Om du vil gi deg i kast kan du sjekke ut innlegget eg laga då vi baka i fjor her.
vekemeny 49
Håper du har ei fin førjulstid!

 

Mandag

peanøttsaus

Risnudlar med peanøttsaus

Risnudlar med peanøttsaus er raskt å lage og smakar skikkeleg digg. Asiatiske smakar i ei herleg blanding, med litt futt i! Perfekt kosemat, og eit fint alternativ om du vil ete… Fortsett å les »

Tysdag

Baconsurra kylling med krema pasta

Baconsurra kylling med krema pasta

  Baconsurra kylling med krema pasta er ein av desse deilige kvardagsmiddagane som er raske å lage og lette å like. Her er det berre å steike kyllingen, eller grille… Fortsett å les »

Onsdag

amerikanske pannekaker

Amerikanske pannekaker

Jepp, eg blei rimeleg populær mamma då eg sette denne stabelen på bordet! Pannekaker er sjølvsagt ein stor favoritt blant kidsa her i huset og, og å få servert dei… Fortsett å les »

Torsdag

grill fisk torsk

Fiskepakke med torsk og grønsaker

Fiskepakke med torsk og grønsaker er digg mat å ete ute og er kjapp mat å lage på grillen. Middagen er ferdig på 20 minutt, og det gjer at du… Fortsett å les »

Fredag

cashewnøttpizza med kjøttbollar

Cashewnøttpizza med kjøttbollar

Det har gått omlag akkurat eitt år sidan eg slutta å ete gluten, og det har gått heilt strålande. Med eitt unntak… eg saknar pizza! Før laga vi stort sett… Fortsett å les »

Laurdag

hamburger med kefirblåmuggdressing

Hamburger med blåmuggdressing

Hamburger med blåmuggdressing i samarbeid med Kefir /annonse/ Hamburger med blåmuggdressing er ein ny variant av den deilige heimelaga hamburgeren. Denne gongen toppa med krema kefir-blåmuggdressing som gir ein salt… Fortsett å les »

Søndag

verdens beste finnbiff

Viltgryte med reinskav

Viltgryte med reinskav er haustgryte delux! Gode smakar kokt saman og servert rykande varmt med søtt syltetøy til og gjerne ei raus skei potetmos. All den kantarellen vi plukka tidlegare… Fortsett å les »

Noko godt

brente mandlar

Brente mandlar

Brente mandlar høyrer førjulstida og julehøgtida til. Karamellmandlar kallar yngstesonen min dei, og det har han forsåvidt rett i, dette er røsta mandlar trekt med karamell utanpå. Krokan i heile… Fortsett å les »

Vekas kake

iskake med daim

Daimiskake med marengsbotn

Daimiskake med marengsbotn er laga med utgongspunkt i Iskake med Daim og Mokkaiskake med sjokolade og marengs. Tanken var å ta det beste frå begge kakene og kombinere det til ei… Fortsett å les »

Vekas brødmat

flettaloff

Fletteloff

Fletteloff høyrer med til jul og høgtid, og gjer seg ekstra godt på eit fint dekka frukostbord eller buffétbord. Kanskje skal du invitere inn til ein god familielunsj og vil… Fortsett å les »

Vekas julekake

vepsebol oppskrift

Vepsebol med lakris

Inneheld sponsa produkt    Vepsebol er populære småkaker å ha til jul, og fleire har tipsa meg om å bruke lakris i dei. Eg fekk tilsendt ulike former for lakris-sirup… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.