Vepsebol med lakris

Inneheld sponsa produkt

vepsebol med lakris   julekake oppskrift vepsebol Vepsebol er populære småkaker å ha til jul, og fleire har tipsa meg om å bruke lakris i dei. Eg fekk tilsendt ulike former for lakris-sirup frå Lakrids by Johan Bulow for ei tid tilbake og tenkte at dette var perfekt å teste ut.

Eg blanda lakrissirup inn og valde å ha mørk sjokolade og mandlar som i originalen, og det blei veldig bra! Lakris-sirupen luktar heilt nydeleg av fersk, mjuk lakris, så denne kan nok brukast i mange ulike godis!

Har du ikkje lakris-sirup er det fritt fram for å eksperimentere på eiga hand. Eg har fått tilbakemelding frå lesarar som har brukt både lakris-stenger (type: Kick frå godtehylla) og lakrispulver med stort hell.

Eit anna tips eg fekk var å nytte kvit sjokolade i staden for mørk, men det hadde eg diverre ikkje meir av i kjøleskapet mitt, så det får bli neste gong!

Til ca 20 (eller 40 små) vepsebol treng du:

  • 3 eggekviter
  • 1 ss søt lakris-sirup
  • 175 g sukker
  • 100 g mandlar
  • 100 g mørk sjokolade
søt lakris sirup marengs med lakris

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 170 grader varmluft.
  2. Grovhakk mandlar og sjokolade.
  3. Visp eggekvitene med halvparten av sukkeret til det skummar.
  4. Tilset litt og litt av sukkeret medan vispen går, og fortsett til du har blank og tjukk marengs.
  5. Bland inn lakris-sirup.
  6. Vend mandlar og sjokolade forsiktig inn med ein slikkepott, slik at du beheld mest mogleg av lufta i eggekvitene.
  7. Bruk to spiseskeier og set små toppar på eit bakepapirkledd steikebrett.
  8. Steik i ca 15 min, til dei såvidt er gylne.
  9. Avkjøl på steikebrettet, deretter på rist.
  10. Oppbevar i tett kakeboks, og behandle forsiktig så dei ikkje fell saman.
vepsebol oppskrift

Har du ikkje lakris, eller ikkje er så glad i denne smaken kan eg anbefale vanlege Vepsebol med vaniljesmak.


TIPS: både eggekviter og eggeplommer kan frysast. Har du for mykje av det eine eller det andre legg du det berre i tette små boksar (eller posar) og i fryseboksen. La dei tine i kjøleskap før du skal bruke dei.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.