Amerikanske pannekaker

amerikanske pannekaker

Jepp, eg blei rimeleg populær mamma då eg sette denne stabelen på bordet! Pannekaker er sjølvsagt ein stor favoritt blant kidsa her i huset og, og å få servert dei i tårn var ein ekstra høydare den tirsdagen. Desse pannekakene er luftigare enn dei tradisjonelle norske, og kan neesten passere som sveler i utsjånad. Eg nytta speltmjøl, noko som gjorde dei ekstra mettande, utan at kidsa merka skilnad. Bruk det du har av mjøl, du kan fint blande halvt om halvt med spelt og kveitemjøl.

pannekaker

Til ca 10 pannekaker treng du:

  • 4-5 egg
  • 250 g mjøl (spelt- eller kveitemjøl)
  • 4 dl mjølk
  • 1-2 ts bakepulver
  • 1 ts vaniljesukker (eller kverna vaniljestang; sjå bilete)
  • 1/2 ts salt
american pancakes kverna vaniljestang

Slik gjer du:

  1. Ha alt det tørre i ein bolle.
  2. Spe med mjølka litt og litt samtidig som du rører med ein visp for å unngå klumpar.
  3. Visp saman egga og ha dei i.
  4. La røra svelle i ca 10 min.
  5. Steik små pannekaker i litt kokosolje eller smør.
  6. Legg fint på ein tallerken (gjerne med stett!) og nyt øyeblikket som “Verdas beste mamma” så lenge det varer;)
pannekakestabel

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!