Brente mandlar

Brente mandlar høyrer førjulstida og julehøgtida til. Karamellmandlar kallar yngstesonen min dei, og det har han forsåvidt rett i, dette er røsta mandlar trekt med karamell utanpå. Krokan i heile bitar om du vil, og veldig lett både å lage og å like.

brente mandler verdens beste brente mandler   For at mandlane ikkje skal bli seige røstar ein dei i steikeomnen først, og det er eigentleg heilt supert å starte med. Då har du plutseleg 15 minutt til å rydde opp på kjøkkenet og leite fram det du treng, medan mandlane godgjer seg i omnen. Sidan dette eigentleg nesten er som karamellkoking løner det seg å nytte ei vid gryte med tjukk botn.

hjemmelagde brente mandler

Vatn og sukker blir rør saman til sukkerlake og så kokar ein dette inn rundt mandlane. Tilslutt er alt vatnet vekk og mandlane blir dekka av krystallisert sukker, før det smelta og blir til karamell. Ei klype (eller to) med salt passar alltid glimrande saman med det søte, og anbefalast på det varmaste å ha i. Smøret gir også litt salt smak, men om du ikkje vil/toler smøret kan du lett skippe det og lage brende mandlar utan.

enkelt julegodt

Pass på så du ikkje brenn deg i det du skal helle dei ferdige mandlane over på bakepapiret for avkjøling, dette er varme saker! Denne porsjonen gir 2-3 posar/glas med mandlar om du vil gi vekk ei lita førjulsgåve til nokon.

brende mandlar

Oppskrift på Brente mandlar

250 g porsjonar / Tid: 30 min

  • 250 g mandlar
  • 100 g sukker
  • 1 dl vatn
  • 1 klype salt
  • 25 g smør
  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme, legg mandlane uttover eit bakepapirkledd steikebrett og steik dei midt i omnen i 10-15 minutt.

  2. Ha vatn og sukker i ei vidgryte og rør rundt til sukkeret er oppløyst medan du kokar opp.

  3. Ha i mandlane og kok vidare til alt vatnet er fordampa, rør slik at det ikkje brenn seg fast.

  4. Fortsett å røre medan sukkeret krystalliserar seg, og i det sukkeret byrjar å smelte igjen har du i smør og salt.

  5. Rør vidare til alt smøret har smelta og mandlane er blanke og karamelliserte.

  6. Hell mandlane over på eit bakepapir (Pass på - det er varmt!) og bruk to gaflar til å skilje mandlane frå kvarandre.

  7. La mandlane avkjøle heilt før du fyller dei på glas eller i fine posar. Fin-fin førjulsgåve til nokon du er glad i!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.