Vekemeny 47

I det du les dette er eg i India på tur, og denne vekemenyen er lagt inn på førehand. Om du vil følgje med kan du legge meg til på sosiale medier, så lovar eg å dele glimt frå turen! Ei veke med sol, yoga og god mat kan vel sjeldan passe betre enn siste veka før adent? Dette har eg gleda meg til lenge -og alle seine timar med jobbing kjennes vel verdt det:)

Vekemeny 47 er nemleg siste veka før vi går inn i ventetida, neste søndag er det allereie første advent! Siste veke av den mørkaste månaden i året, hurra! Det er med andre ord tid for å smake på alle gode julesmakar, og gle seg til førebuingane som no er i gong, og vere ekstra snill med seg sjølv og dei rundt seg.

På denne vekemenyen finn du difor både pinnekjøtt og julebrød, no er det absolutt lov å smake! Og sidan eg er i India passa det jo glimrande med alt-i-eitt indisk gryte for å lade opp til rettane som kjem til å kome etter innhenta ny inspo frå dette krydder-landet.

Ha ei fin-fin veke!

Instagram: kvardagsmat
Snapchat: kvardagsmat

 

 

Mandag

gratinert romanesco

Gratinert romanesco

Har du sett finare grønsak?! Eg er i allefall bergtatt, og min tidlegare utropte favorittgrønsak artisjokk har fått hard konkurranse… Romanesco er ei kryssing av brokkoli og blomkål, og har… Fortsett å les »

Tysdag

superenkel fiskegrateng

Superenkel FISKEGRATENG

Superenkel fiskegrateng er verkeleg så enkel som den høyres ut. Denne versjonen treng verken forkoking av makaroni eller fisk, og er laga på 1-2-3. Kjøpeversjonen har ikkje sjanse i konkurranse… Fortsett å les »

Onsdag

Minestronesuppe

På ein italiensk restaurant fekk eg nyleg ei minestronesuppe som smakte nydeleg, og det gav meg inspirasjon til å kokkelere heime. Dette er ei suppe som er genial å lage… Fortsett å les »

Torsdag

kyllinggryte med curry

Indisk alt-i-eitt kyllingcurry

Denne oppskrifta fann eg inspirasjon til her, og det som gjorde meg mest interessert var det at ein kunne koke risen i samme gryte eller form som alt det andre…. Fortsett å les »

Fredag

tex-mex

Tex-mex form med bønner og ris

Dette er ei skikkeleg digg og enkel taco-form som er lett å like. Kosemat som kan etast med berre ein gaffel eller ei skei, gjerne oppattvarma tilbakelent i sofaen. Retten… Fortsett å les »

Laurdag

beef bourguignon

Boeuf Bourguignon

Denne gryta fall så godt i smak første gong vi laga den for snart to år sidan at det har blitt ein kjær favoritt. Den gong synest eg namnet på… Fortsett å les »

Søndag

hvordan lage pinnekjøtt

Pinnekjøtt med rabbestappe

Pinnekjøtt med rabbestappe er det eg har vakse opp med som middag på julaftan, og framleis det eg helst vil ete om eg får velje. Den lukta som blir i… Fortsett å les »

Noko godt

Havrekjeks

Havrekjeks med smør og brunost funkar bra både til god frukost og som noko godt til kaffien etter middag. Ofte like populære blant born som vaksne, og fine å ha… Fortsett å les »

Vekas brødmat

julebrød

Julebrød

Deilige julebrød med god smak av kardemomme og fylt med rosiner. Det luktar nydeleg i huset, og dei er skikkeleg populære blant små og store. Servert varme med brun eller… Fortsett å les »

Vekas kake

lava cake

Lavakake

Lavakake eller sjokoladefondant er små, varme porsjonsstykker av sjokoladekake med flytande kakerøre midt i. Nyyyydeleg, og like imponerande å servere kvar gong. Skilnaden frå perfekt kake til for lite eller… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.