Boeuf Bourguignon
Denne gryta fall så godt i smak første gong vi laga den for snart to år sidan at det har blitt ein kjær favoritt. Den gong synest eg namnet på gryta var så komplisert at eg døypte den Hyttegryte, for å unngå å både skrive og seie Boeuf Bourguignon. Men etter å ha laga denne i mange versjonar dei siste to åra dristar eg meg til å gå tilbake til det originale namnet på denne fantastiske franske gryta. Finn du ein burgundervin å ha i så blir den heilt autentisk, men for å vere ærleg så har vi brukt både den eine og den andre raudvinen med stort hell! Og du; lag for all del ein raus porsjon, for dette er mat som smakar endå betre dagen etter!
Til fire personar treng du:
- 1 kg reinskore høgrygg
- 150 g bacon
- 2 ss tomatpurè
- 2 fedd kvitløk
- 1 løk
- 3 gulrøter
- 1/2 sellerirot
- 1 pastinakk
- 1 laurbærblad
- ca 5 dl raudvin
- ca 2 dl kraft (vatn + oksefond/buljong)
- 4-5 sjalottløk
- 4-5 sjampinjong
- salt og peppar
- 2 ss maizena +1 dl kaldt vatn
- litt smør til steiking
- salt og peppar
- friske urter til pynt
Slik gjer du:
- Skjær kjøtet i grove bitar og baconet i strimlar.
- Skrell og del løk, kvitløk, sellerirot, pastinakk, sopp og gulrot i bitar.
- Sprøsteik baconet i ei gryte, legg over på ein tallerken og brun kjøtet i baconfettet. Ta litt og litt av kjøtet, bruk høg varme slik at du får ei fin bruna skorpe. Bruk litt ekstra smør om det trengst. Legg over på ein tallerken etterkvart.
- Ha i 1 ss smør og fres grønsakene i nokre minutt. Ikkje ha i soppen.
- Ha over tomatpuré og bland godt før du fyller på med vin og kraft.
- Ha i laurbærbladet og ha kjøt og bacon tilbake i gryta. Fyll eventuelt på med meir kraft, slik at alt er dekka.
- La småkoke under lokk i 1 time, før du legg lokket halvt på siste halvtimen.
- Rør ut maizena i kaldt vatn og rør det inn i gryta slik at sausen tjuknar litt.
- Ha over sjampinjong og la koke med i ca 10 min.
- Smak til med salt og peppar.
Servér gjerne med potetstappe eller ris til.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.