Hyttegryte

hyttegryte

Denne oppskrifta er inspirert av ei Boeuf Bourguignon gryte som Lise Finckenhagen presenterte i VG si laurdagsavis sist helg. Her er min versjon, glutenfri og med nytt enklare namn; Hyttegryte. Den passar nemleg godt å lage på ei hytte der ein har tid til å la gryta stå å putre i 1,5 time og gjere gjestane ekstra svoltne. Nydeleg smak med god selleri- og potetstappe til. Noko å prøve til helga?

Til fire personar treng du:

Gryte:

  • 1 kg reinskore høgrygg
  • 150g bacon
  • 2ss tomatpurè
  • 2 fedd kvitløk
  • 1 løk
  • 3 gulrøter
  • 1 laurbærblad
  • 5dl raudvin
  • 2dl vatn + oksefond/buljong
  • 4-5 sjalottløk
  • 4-5 sjampinjong
  • salt og peppar
  • 1,5ss maizena +1dl kaldt vatn
  • solsikkeolje og smør til steiking
  • friske urter til pynt

Selleri- og potetstappe:

  • 4 poteter
  • ½ sellerirot
  • 3dl matfløyte
  • 1ss smør
  • salt og peppar
bb-gryte

Slik gjer du:

Gryta:

  1. Skjær kjøtet i grove bitar og baconet i strimlar.
  2. Skrell og del løk, kvitløk og gulrot i bitar.
  3. Brun kjøt og steik bacon i litt solsikkeolje i ei gryte. Legg til side.
  4. Ha i 1 ss smør og fres grønsakene i nokre minutt. Ha kjøt og bacon tilbake i gryta.
  5. Ha over tomatpuré og bland godt før du fyll på med vin og vatn + fond/buljong.
  6. Ha i laurbærbladet. La koke under lokk i 1 time, før du legg lokket halvt på siste halvtimen.
  7. Rør ut maizena i kaldt vatn og rør det inn i gryta slik at sausen tjuknar litt.
  8. Ha over sjampinjong og sjalottløk i bitar og la koke med i ca 10 min. Smak til med salt og peppar.
potetstappe

Selleri- og potetstappe:

  1. Skrell og del potet og sellerirot i terningar.
  2. Ha i ei kasserolle og fyll på med vatn til alt er dekka.
  3. Kok opp og la koke til alt er mørt, ca 20-30 min.
  4. Hell av kokevatnet.
  5. Ha i 1ss smør og stapp alt godt.
  6. Tilset matfløyte i 2-3 omgongar og rør kraftig mellom kvar gong. (Du avgjer sjølv kor fast du vil ha den ved å justere mengda fløyte.)
  7. Krydre med salt og peppar.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!