Indisk alt-i-eitt kyllingcurry

kyllinggryte med curry

Denne oppskrifta fann eg inspirasjon til her, og det som gjorde meg mest interessert var det at ein kunne koke risen i samme gryte eller form som alt det andre. Mindre oppvask er jo alltid kjekt! Og meir tid til å gjere andre ting når gryta står i omnen og gjer jobben sjølv.

Indisk curry er populært og ein slager her i heimen hjå oss vaksne. Risblandinga i botnen får nydelege smakar med eple og rosiner og kidsa blir ekstra glade når mor bakar nanbrød, då kan dei gå med på å smake noko nytt den dagen.

indisk kyllinggryte

Til 3-4 personar treng du:

  • 1 kg kylling (eg brukte kyllingklubbar, men her kan du velje det du vil)
  • 2 ss curry paste
  • 1 løk
  • 50 g rosiner
  • 1 raudt eple
  • 1 tomat
  • 3 dl jasminris
  • 2 dl kyllingkraft
  • yoghurt naturell/gresk yoghurt
  • frisk koriander
  • heimelaga nanbrød
kyllingklubber

Slik gjer du:

  1. Set omnen på 200 grader.
  2. Bland kylling og curry paste godt, gjerne i ein brødpose.
  3. Skjær løk, tomat og eple i terningar.
  4. Brun kyllingen raskt i ei panne på alle sider. Legg til sides.
  5. Steik løken til den blir blank.
  6. Ha i ris (som du sjølvsagt har skylt i eit dørslag for å fjerne rusk og rask) og la den steike med i 2 min.
  7. Ha i rosiner, eple og tomat.
  8. Ha risblandinga ei ei gryte med lokk som toler steikeomn eller i ei form og dekk med aluminiumsfolie. Legg risblandinga nederst, kylling på toppen og hell over kyllingkrafta.
  9. Steik i 45-50 min midt i omnen til risen er ferdig.
  10. Server med frisk koriander på toppen og yoghurt til.
indisk alt-i-eitt kyllingcurry

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.