Nanbrød


hjemmelaget nanbrød
Har du laga nanbrød sjølv før? Ikkje? Det er faktisk veldig artig! Stor stas for både liten og stor å sjå korleis dei bles seg opp som ballongar på nokre få sekund. Men ver forsiktig, omnen skal kjørast på maks varme, så det gjeld å halde avstand og bruke tjukke gryteklutar.

naanbrød

Du treng:

  • 1/2 kg kveitemjøl
  • 1,5 ts bakepulver
  • 1 ts salt
  • 1 ss sukker
  • 1/2 pk tørrgjær
  • 350 g gresk yoghurt
  • 4 ss nøytral olje (eg brukte solsikkeolje)
  • 1 egg
nanbrød

nanbrødkjevleSlik gjer du:

  1. Bland alt det tørre. Pisk saman egget og ha det i saman med resten av ingrediensane. Elt deiga saman i ei kjøkkenmaskin (eller for hand) til du har ei jamn deig.
  2. Lat deiga heve til dobbel størrelse. Gjerne 1,5-2 timar.
  3. Set omnen på maks temperatur (300 grader over og undervarme på min omn) og set eit steikebrett inni slik at det blir varmt.
  4. Del opp deiga i 8 emner som du trillar til ei kule og kjevlar flate. Her kan du sjølv velge kor store og kor tynne du vil ha nanbrøda dine. Eg lagar plass til to nanbrød på kvar plate.
  5. Når du er klar til å steike set du på grillelementet på omnen din og legg to nanbrød over på den varme steikeplata. (Ikkje bruk bakepapir, det toler ikkje så høg varme og vil ta fyr…!) Set inn brettet på øverste rille og lukk døra. Følg nøye med, det heile er gjort på 1-3 minutt. Dersom nanbrøda tek opp i grillelementet må du flytte det ned til nest øverste rille. Rett før dei har blitt svarte og brende er dei ferdig.
  6. Avkjøl på rist.

nanbrødoppblåst

Tips:

  • Nanbrøda kan krydrast med koriander, kvitløk, sesamfrø eller valmuefrø før du steiker dei eller penslast med smelta smør rett etter at dei kjem ut av omnen.
  • Legg nanbrøda i frysaren og spar dei til neste gong du skal lage indisk. Tin dei og la dei få nokre minutt i steikeomnen på 150 grader og dei er som nybakte igjen.
naanbrød i steikeomn

Håpar det smakar:)

Oppskrifta er opprinneleg henta her i frå.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.