Lavakake

lava kake Lavakake eller sjokoladefondant er små, varme porsjonsstykker av sjokoladekake med flytande kakerøre midt i. Nyyyydeleg, og like imponerande å servere kvar gong.

Skilnaden frå perfekt kake til for lite eller for mykje steikt kake er berre minutt om å gjere, så her er det berre å følgje med. Kaka må steikast rett før servering, så om du skal ha gjestar er det berre å gjere klar kakerøra og oppbevare den i kjøleskapet. Så fyller du i formene og steiker når du er klar til å servere.

Og du -fortvil ikkje om du er nokre minutt på feil side, resultatet smakar stort sett nydeleg utansett.

sjokoladekakeTil 4 porsjonar treng du:

  • 100 g mørk sjokolade
  • 100 g smør
  • 50 g kveitemjøl (eller glutenfritt mjøl)
  • 100 g sukker
  • 2 egg
  • 2 eggeplommer
  • Litt kakaopulver og smør til formene
  • Melis og friske bær til pynt

sjokoladefondantlavakakesjokolade fondantSlik gjer du:

  1. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
  2. Hakk sjokolade og smelt over vassbad saman med smøret.
  3. Visp egg, eggeplommer og sukker til luftig eggedosis. (Visp lenge med kjøkkenmaskin.)
  4. Vend inn sikta mjøl i eggedosisen.
  5. Vend inn smelta smør og sjokolade. (Set røra i kjøleskapet om du ikkje skal servere med det samme.)
  6. Smør formene med smør, slik at kakene slepper forma lett og sikt i litt kakao og fordel røra.
  7. Steik midt i omnen i ca ti minutt, til toppen har heva seg litt frå forma men det framleis er rennande røre når du sjekkar med ein kakepinne. Kanskje er det perfekt med 8 eller 12 minutt i din omn, følg med!
  8. Snu forma opp ned på ein tallerken, strø over melis og pynt med bær. Servér åleine eller saman med krem, iskrem eller kesam.
lava cake

Følg meg gjerne på instagram og snapchat: kvardagsmat 

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.