Feitetysdag

I dag er det feitetysdag, siste dagen før fasta startar, og tradisjonen tru dagen for å ete den beste og feitaste maten. Graut, kjøt, mjølk og mjølmat var populært og vi har også adoptert det engelske namnet på dagen: Pancake Tuesday.

Både graut og pannekaker er favorittar blant mine to gutar, så det spørs om ikkje mor blir populær ved middagsbordet i dag!

Vi du lage mat etter tradisjonen du og? Då har eg samla nokre lenkjer og bileter av graut og pannekaker til deg her for inspirasjon:

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!