Frukost-pannekaker

pannekaker

Innimellom serverer vi pannekaker til frukost. Pannekaker med mykje egg og lite kveitemjøl, heilt på grensa til omelett vil kanskje nokon meine, men likevel godkjende som pannekaker av kidsa her i huset. Ein fin måte å starte dagen på, og mor eller far får stjerne i boka den dagen.

Til to små personar (4-5 små pannekaker) treng du:

  • 3 egg
  • 1/2-1 dl mjølk
  • ca 2 ss kveitemjøl
  • 1 klype salt
frukost-pannekaker

Slik gjer du:

  1. Rør ut mjølet og saltet i mjølka (for å unngå klumpar).
  2. Visp saman egga og bland dei i.
  3. Steik pannekakene på middels varme til overflata har tørka, snu og steik på andre sida.
  4. Server med lønnesirup og friske bær, eller sukker som er borna sin favoritt.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.