Rømmegraut

rømmegrøt

Rømmegraut er herleg tradisjonsmat som slett ikkje er vanskeleg å lage frå botnen. Ikkje treng du mange ingrediensar heller! Ein fin rett å servere både til kvardags og til fest.

Du treng:

  • 6 dl (2 boksar) seterrømme (eller økologisk rømme frå Røros)
  • 2,5 dl kveitemjøl
  • 6-8 dl h-mjølk
  • ½ ts salt

Tilbehør:

  • kanel
  • sukker
  • rosiner
  • flatbrød
  • spekemat
rømmegraut rjomegraut

 

rømmegrøt

Slik gjer du:

  1. Kok opp rømma, rør heile tida medan det kokar opp.
  2. La småkoke med lokket halvt på i 5-10 min.
  3. Sikt i halvparten av mjølet og rør til smøret piplar fram.
  4. Hell eller aus av smøret, slik at du har til å servere som tilbehør.
  5. Sikt i resten av mjølet og rør det inn.
  6. Spe med litt og litt mjølk, rør kraftig mellom kvar gong slik at du unngår klumpar.
  7. Ha i salt og la småkoke i 5-10 min for å få vekk all mjølsmak.
  8. Server med smør, sukker, kanel og rosiner.
rømmegraut

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.