Bokkveitegraut (bokhvetegrøt)
Bokkveite har du kanskje hørt om i det siste? Det er i allefall i bruk både her og der, og graut av bokkveite gjev sterk konkurranse til den trauste havregrynsgrauten. At bokkveite er glutenfritt er ein bonus som gjer at fleire kan nytte seg av den. Smaken er vanskeleg å skildre, litt nøtteaktig kanskje.. men i denne versjonen har eg hatt i kanel og vaniljestang som får vere med å setje ekstra god smak. Enkelt, sunt og godt -akkurat slik ein frukost skal vere. Eg let bileta tale for seg og håper du blir overtydd til å prøve.
Til 1 porsjon treng du:
- 1 dl bokkveitegryn
- 2 dl vatn
- 1 klype salt
- 1/2 ss chiafrø (kan sløyfast)
- 1/4 ts kanel
- 1/4 ts vaniljesukker eller litt kverna vaniljestang
- frisk frukt (kiwi, blåbær, bjørnebær)
- hakka nøtter (valnøtt, pistasj)
Slik gjer du:
- Ha gryna i eit dørslag og skyll godt i varmt vatn.
- Ha gryna i ei lita kasserolle saman med vatnet.
- Kok opp medan du rører.
- La småkoke utan lokk i ca 15 min, rør innimellom.
- Rør inn salt, chiafrø, kanel og vanilje.
- Server med frisk frukt og hakka nøtter.
PS. Grauten kan også serverast kald, så kok gjerne dobbel porsjon så har du rask frukost dagen etter. Du kan også halvere koketida om du hugsar å legge gryna i bløyt kvelden før:)
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.