Vekemeny 49
Andre søndag i advent, og desemberlys ute. Kaldt, klart og stjerneskin. Kan det bli finare? Håper du lagar deg fine dagar. Her får du forslag til kva du kan lage i veka som kjem.
Julegåvetips 2022
Julegåvetipsa som eg delte førre søndag var populære, så eg har oppdatert lista til å inkludere meir enn berre det som er på kjøkkenet. Håper den kan vere til inspirasjon for deg om du lurer på kva du skal ønske deg eller kva du skal gi til nokon du er gla i.
Ha ei fin advents-veke!
Mandag
Kylling i spicy appelsinsaus
Kylling i spicy appelsinsaus er deilig spicy, søt og syrleg. Du kan variere kor sterk du vil ha sausen avhengig av kor mykje sriracha eller samabal oelek du har i,… Fortsett å les »
Tysdag
Tomatsuppe med ekstra vitamin
Visste du at paprika inneheld fire gongar så mykje c-vitamin som appelsin? Vi brukar mykje paprika her i heimen, både i supper, sausar, gratengar og smoothie. I denne suppa har… Fortsett å les »
Onsdag
Grøn falafel med salat og avokadohummus
Grøn falafel er nydeleg vegetarmat som har krønsj på utsida og mjuk og irrgrøn innside. Det er spinat som gir den flotte fargen, utan å overdøve den gode falafelsmaken. Perfekt… Fortsett å les »
Torsdag
Makaronisalat
Makaronisalat er fin å servere som den er eller som tilbehør til grillmat eller på eit koldtbord saman med andre rettar. Salaten er mild og god på smak og høver… Fortsett å les »
Fredag
Loaded Veggie Nachos
Knasande nachos med flust av gode smakar på toppen er det vel ingen som seier nei takk til? Denne retten er kjapp å snekre saman og populær å setje på… Fortsett å les »
Laurdag
Glutenfri pizza med spinat, rødløk og valnøtter
Glutenfri pizza med spinat, rødløk og valnøtter er ein variant av den kvite pizzaen med creme fraiche som base i pizzasausen. Resultatet blir mild pizza med reine smakar, der toppingen… Fortsett å les »
Søndag
Haustgryte med vilt og sopp
Haustgryte med vilt og sopp er søndagsmiddagen som regjerer her denne tida på året. Jordleg kryddersmak frå timian blanda med sopp frå skogen og viltkjøt frå frysaren. Her blir det… Fortsett å les »
Vekas brødmat
Julebrød
Deilige julebrød med god smak av kardemomme og fylt med rosiner. Det luktar nydeleg i huset, og dei er skikkeleg populære blant små og store. Servert varme med brun eller… Fortsett å les »
Noko godt
Biscotti med tranebær
Biscotti med tranebær er tørre kaker med italiensk opphav. Steikt som ei lang, flat pølse og så delt i skiver. Tørre, sprø og perfekte å dyppe i ein god kopp… Fortsett å les »
Vekas kake
Kokosflakmakronar
Kokosflakmakronar er laga med kokosflak, som er som kokoschips å rekne. Det er tynne kokosflak som er digg å strø over frukostblandinga, smoothie-bowlen eller servere som eigen snack. Men så… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.