Glutenfri pizza med spinat, rødløk og valnøtter
Glutenfri pizza med spinat, rødløk og valnøtter er ein variant av den kvite pizzaen med creme fraiche som base i pizzasausen. Resultatet blir mild pizza med reine smakar, der toppingen verkeleg kjem til sin rett. Spinat på pizza er genialt. Det har mild smak og gjer pizzaen grøn og fin for sinn og kropp. Rødløk er ein annan favoritt på pizza. Her er den heilt naturell saman med krønsj og nøttesmak frå valnøttene.
Botnen på denne pizzaen er laga glutenfri, etter innspel frå ei flott dame i eit juleselskap no for litt sidan. Fordelen med at folk veit at du har ein matblogg er jo alle tips og oppskrifter som blir delte i ulike samankomstar, og denne pizzabotnen er ein av dei. Med cøliaki i hus hadde ho kome over ei bok som markerte ei skilje i før og etter i deira heim. Bakeboka «Nytt Brød -godt bakverk uten gluten» av Jessica Frej og Maria Blohm kunne anbefalast på det varmaste, og blei bestilt heim i postkassa dagen etter.
Eg kjende igjen boka med det same! Denne har eg lånt på biblioteket her i bygda tidligare (som har eit godt utval av kokebøker om eg kan tipse om det!), men då var det nesten umogleg å finne ingrediensar til å bake det som stod i boka. No, sikkert 3 år seinare (?), er det derimot eit rikt utval av alternative mjøl og ingrediensar å finne på butikkane. Som sagt så gjort, pizzabotnen som var anbefalt måtte testast!
Å bake glutenfritt er heilt annleis enn å bake med kveitemjøl, men nokre av triksa kan ein ta med seg. Det gjeld å gje deiga god tid, og har du klart å planleggje er denne deiga super å kaldheve over natta. Eg rører den saman på kvelden, dekkjer bakebollen med ein stor tallerken og set alt i kjøleskapet. Då spelar det ingen rolle om eg lagar pizza til lunsj eller til kvelds, deiga toler begge deler.
Har du ikkje tid til dette bør deiga uansett få så lang hevetid som mogleg. I originaloppskrifta står det 2 timar, men her er alt betre enn ingenting. Det essensielle i oppskrifta er å ha i fiberhusk/psyllium/loppefrøskall, som har ei heilt unik evne til å binde saman deiga. Eg fann denne pakken på butikken, som kosta under halvparten av fiberhusk, og har brukt den med godt resultat. Men uansett merke må du altså ha dette for å få til deiga. Resultatet blei knakande god pizzabotn som er heilt på høgde med vanleg pizzabotn! Hurra!
PS. Dersom du ikkje treng å bake glutenfritt kan du nytte den vanlege oppskrifta på pizzabotn som du finn til dømes her.
Oppskrift på Glutenfri pizza med spinat, rødløk og valnøtter
Glutenfri pizzabotn
- 4 dl kaldt vatn
- 1 ts tørrgjær
- 50 g rismjøl
- 20 g maismjøl + ekstra til utbaking
- 90 g bokhvetemjøl
- 60 g maisenna
- 1/2 ts salt
- 1 ss fiberhusk/psyllium
Topping
- 4-5 ss creme fraiche
- 2 fedd kvitløk
- 100 g spinat
- 1 rødløk
- 100 g mozzarella
- 1 dl valnøtter
Rør saman alt til pizzadeiga og la heve tildekka med lokk på kjøkkenbenken i 2 timar, eller over natta i kjøleskap.
Sett omnen på 220 grader varmluft og sett to steikebrett inn i omnen.
Del deiga i to og lag to store pizza eller i fire for fire små pizzaar. Bruk godt med maismjøl for å kjevle ut pizzabotnane.
Legg pizzabotnane på bakepapir og smør utover creme fraiche blanda med kvitløk.
Strø utover spinat, rødløk og mozzarella i bitar.
Dra bakepapira over på dei varme steikebretta og steik 2 eller 4 pizza på ein gong i 10-15 minutt.
Knekk opp valnøttene og rist dei i ei tørr steikepanne på høg varme slik at dei blir gylne og det luktar godt av dei.
Strø valnøtter over ferdig steikt pizza og nyt!
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.