Pizza med spekeskinke

pizza med spekeskinke

For nokre veker sidan hadde eg hyggeleg besøk av ein journalist frå Sunnmørsposten, og då serverte eg fredagspizza til lunsj. Dette er den pizzaen vi lagar oftast, og som er “standard” på fredagskveldane.

Her får du oppskrifta til 1 pizza:

Botn:

  • 2,5 dl lunka vatn
  • 5-6 dl kveitemjøl
  • 2 ss olivenolje
  • 1 ts salt
  • ½ pk tørrgjær

Pizzasaus med paprika og løk:

  • 1 ss olivenolje
  • 1 løk
  • 1 paprika
  • ½-1 raud chili
  • 2-3 fedd kvitløk
  • 2 boksar hakka tomat
  • 2-3 ss tomatpuré
  • 1 ts basilikum
  • 1 ts oregano
  • 1 ts salt
  • ½ ts peppar

(eller du kan bruke denne standard pizzasausen)

Topping:

  • 5-6 skiver spekeskinke
  • 1/2 raud paprika i bitar/skiver
  • 1/2 rødløk i ringar
  • Mozzarellaost
  • Frisk basilikum
pizzasaus

Slik gjer du:

  1. Rør saman alle ingrediensane, anten for hand eller ved hjelp av kjøkkenmaskin. Dekk med lokk/plast og la heve så lenge du har tid. (Sjå tips under).
  2. Set eit steikebrett (eller pizzastein om du har) i steikeomnen og skru på 230 grader.
  3. Ha litt mjøl på eit bakepapir og bruk mjøl på henda slik at du kan trykke deiga utover.
  4. Stryk uttover pizzasausen, ha på spekeskinke, rødløk, paprika og mozzarellaost.
  5. Dra bakepapiret over på steikebrettet/pizzasteinen og steik i 10-15 min.
  6. Server med frisk basilikum.
pizzasaus hjemmelaget pizza

Pizzasaus:

  1. Del alle grønsakene i bitar.
  2. Fres kvitløk, løk, paprika og chili i olivenolje til løken har blitt blank.
  3. Ha over hakka tomat og tomatpuré, kok opp.
  4. Krydre og la småkoke så lenge du har tid. Dess lenger dess betre smak.
  5. Kjør sausen heilt glatt med ein stavmiksar og ha over i små beger klar for frysaren.

 

hjemmelaget pizza

Tips:

  • Nokre gongar hevar deiga i ti minutt hjå oss, andre gongar i tre timar. Det blir stort sett god pizza uansett!
  • Set alltid pizzasteinen inn i kald omn og la den varme seg opp samtidig med omnen.
  • Brukar du pizzastein kan du nappe ut bakepapiret etter nokre minutt med steiking, slik at du får ein enda meir sprø botn.
  • Likar du best å kjevle deiga uttover, gjer du sjølvsagt det i staden for å bruke henda.
heimelaga pizza

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!