Vegetar-meny 2
Søndagen er her og då er det tid for den neste vegetar-menyen! Har du ete ein vegetar-middag i veka som gjekk? Fekk du med deg utfordringa eg gav (meg sjølv) for 2020? Klikk her for å lese årets første vegetar-meny.
Håper du får ei fin veke, uansett kva som står på middagsbordet:)
Vegetar middag
Kikertcurry med grønnkål
Kikertcurry med grønnkål er kjapp middag som varmar godt. Spicy currypulver finn på asiabutikken, eller du kan bruke karripulveret du finn på vanleg daglegvare. Vel du det siste kan du… Fortsett å les »
Vegetar middag
Fløtegratinerte poteter
Fløtegratinerte poteter er krema og godt tilbehøyr til kjøt, fugl og fisk. Faktisk funkar det bra som ein rett i seg sjølv også, eller med grilla grønsaker til. Lag gjerne… Fortsett å les »
Vegetar middag
Nomeatballs med poteter og brun saus
Nomeatballs med poteter og brun saus er kjøttkaker utan kjøtt. Ellers er det servert med same tilhøyr som klassikaren har, og det smakar temmeleg likt. Til og med farsen ser… Fortsett å les »
Vegetar middag
Spinatsuppe med egg
Spinatsuppe med egg er irrgrøn på farge og smakar nydeleg godt. Har du ei god kyllingkraft liggande i frysaren er det no du skal leite den opp. Viss ikkje må… Fortsett å les »
Vegetar middag
Glutenfri pizza med spinat, rødløk og valnøtter
Glutenfri pizza med spinat, rødløk og valnøtter er ein variant av den kvite pizzaen med creme fraiche som base i pizzasausen. Resultatet blir mild pizza med reine smakar, der toppingen… Fortsett å les »
Vekas frukosttips
Avokadokrem med bær
Dette er min nye favoritt til frukost. Om du følgjer kvardagsmat på instagram, har du nok allereie sett fleire versjonar av denne, og fleire kjem det nok. Avokado og kokosmjølk… Fortsett å les »
Vekas brødbakst
Bokhvetebrød med solsikkekjerner
Bokhvetebrød med solsikkekjerner er laga med bokhvete som hovudingrediens. Bokhvete er ikkje i slekt med kveitemjøl (hvetemel), sjølv om det kan høyrast slik ut på namnet, men er faktisk ei… Fortsett å les »
Vekas søtt
Vegansk søtpotet-brownie
Vegansk søtpotet-brownie blei til etter at vi hadde laga søtpotetsjokoladekake. Og så fekk vi (les: eg) lyst på det ein ettermiddag, men vi mangla egg i hus. Då er det… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.