Nomeatballs med poteter og brun saus

Nomeatballs med poteter og brun saus er kjøttkaker utan kjøtt. Ellers er det servert med same tilhøyr som klassikaren har, og det smakar temmeleg likt. Til og med farsen ser ganske lik ut før den skal steikast, så her kan ein lure mange rundt bordet. Om det er poenget då;) Uansett får du her ein middag utan kjøt, som var målet mitt å servere meir av i 2018.

Nomeatballs med poteter og brun saus Nomeatballs med poteter og brun saus

Nomeatballs med poteter og brun saus

Som du ser at det står i oppskrifta, så kan du gjerne smaksetje den brune sausen litt. Både brunost, saft, syltetøy og soyasaus funkar bra. Opne opp kjøleskapet ditt og sjå kva du har. Har du ikkje noko å tilsetje, så smakar kraft i seg sjølv veldig godt eller du kan bruke ein god buljong. Brun saus er ikkje noko hokus pokus å lage, og det krev berre ingrediensar som ein stort sett har for hand. Litt smør, mjøl og vatn er nok om sausen skal serverast i enklaste form.

Nomeatballs med poteter og brun saus Nomeatballs med poteter og brun saus

Oppskrift på Nomeatballs med poteter og brun saus

4 porsjonar / Tid: 30 min

Nometaballs

  • 1 løk
  • 1-2 ss solsikkeolje
  • 400 g kidneybønner
  • 2 ss solsikkekjerner
  • 2 ss valnøtter
  • 1 egg
  • 1 ss worchestershiresaus
  • 1 ts timian
  • 1 ts rosmarin
  • 2 ss potetmjøl
  • 3-4 ss havregryn
  • 1/2 ts salt
  • 1/4 ts pepar

Brun saus

  • 2 ss smør
  • 2 ss mjøl/glutenfritt mjøl
  • 5-6 dl kraft/vatn + buljong

Tilhøyr

  • 6-8 poteter
  • 1 brokkoli
  1. Skrell og kok poteter. Del brokkolien i mindre bukettar, og la den koke med siste tre minutta.

  2. Set steikeomnen på 200 grader over- og undervarme.

  3. Skrell og del løken i grove båtar. Steik dei i olje til løken blir blank.

  4. Skyl av kidneybønnene i eit dørslag og rist godt av vatnet.

  5. Ha løk, bønner, solsikkekjerner, valnøtter, krydder, worchestershiresaus, potetmjøl, havregryn og egg i ei matmølle med S-knivar. Kjør til ei jamn masse.

  6. Bruk ei spiseskei som du dyppar i vatn mellom kvar gong, og legg på kaker på ei varm steikepanne med litt olje. Steik på kvar side, slik at dei blir gylne og legg så over på eit steikebrett.

  7. Set steikebrettet inn i omnen, og ettersteik kakene i ca 10 minutt.

  8. Lag brun saus ved å smelte smøret i ei lita kasserolle. Rør så inn mjølet og fortset å røre til jamninga blir brun, bruk middels høg varme -men ikkej så varmt at det blir brent. Spe med vatnet litt etter litt, og rør kraftig mellom kvar gong for å unngå klumpar. Kok opp og la småkoke til alt anna er klart. Smak gjerne til sausen med litt saft, syltetøy eller brunost. Ei lita skei gir mykje smak.

  9. Hell av kokevatnet på poteter og brokkoli, og server nomeatballs med brun saus og tyttebærsyltetøy.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.