Spinatsuppe med egg

Spinatsuppe med egg er irrgrøn på farge og smakar nydeleg godt. Har du ei god kyllingkraft liggande i frysaren er det no du skal leite den opp. Viss ikkje må du finne den beste kyllingfonden på butikken og putte i gryta. Spinat har ein mild smak, så her er det løk og kraft som smakar mest. Og det smakar nydeleg.

spinatsuppe med egg

Spinatsuppe med egg

Frosen spinat finn ein på alle butikkar, og er fin å ha liggande i frysaren. Då kan du lett smelle saman ei grøn suppe når du får lyst på ein enkel middag eller ein digg kvelds. Suppa er klar på 15 minutt, då rekk du akkurat å koke egga som skal vere i.

spinatsuppe med egg

Har du ikkje matfløyte kan du bruke vanleg kremfløyte eller creme fraiche i staden. På bileta har eg ikkje rørt inn matfløyta, berre ringla den over før servering. Då får du høve til å servere suppa med den grønaste fargen, og så kan gjestane røre saman sjølv. Mmmm!

enkel spinatsuppe

 

Oppskrift på Spinatsuppe med egg

3-4 porsjonar / Tid: 15-20 min

  • 1 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 1 ss rapsolje
  • 400 g frosen spinat
  • 1 liter kyllingkraft
  • 1 dl matfløyte
  • 2 egg
  • 1 ts salt
  • 1/4 ts pepar
  1. Kok opp ei lita kasserolle med vatn og egg, la småkoke til egga er hardkokte, ca 7 minutt.

  2. Del løk i grove bitar og surr i olje til løken er blank.

  3. Finhakk kvitløk og la frese med løken i 1 minutt.

  4. Ha i spinat og kyllingkraft og kok opp. La småkoke i ca 10 minutt.

  5. Kjør suppa glatt med ein stavmikser. Rør inn matfløyte, salt og pepar.

  6. Servér suppe med eit halvt egg på toppen og gjerne godt brød til.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.