Kikertcurry med grønnkål

Kikertcurry med grønnkål er kjapp middag som varmar godt. Spicy currypulver finn på asiabutikken, eller du kan bruke karripulveret du finn på vanleg daglegvare. Vel du det siste kan du gjerne smake til med litt fersk chili, chilipulver eller chilisaus for å få litt ekstra futt i gryta. For litt spark må den ha!

kikertcurry med grønnkål

Kikertcurry med grønnkål

I gryta har eg brukt cherrytomatar på boks, men her kan du bruke vanleg hakka tomat i staden om du vil. Du kan også bytte ut grønnkålen med spinat om du heller har det.

Det same gjeld koriander. Likar du det ikkje så kan du sjølvsagt skippe den, eller bruke persille på toppen i staden. Det er fordelen med å stå på kjøkkenet. Du er sjefen, og du får lov til å velge.

curry med kikerter

Til curryen har eg servert kokt hirse, men det kan du lett bytte ut til noko anna. Du kan bruke pasta, kvit ris, brun ris eller quinoa i staden. Eller nanbrød, om det frista meir. Når du skal koke ris, quinoa eller hirse tek du enkelt og greit 1 del ris/quinoa/hirse og 2 delar vatn. Kok under lokk i til det er mjukt, ca 15-20 minutt. Easy peasy altså.

indisk curry kikerter

Håper gryta fell i smak. Velbekomme!

kikertcurry med grønnkål vegetar

Vil du sjå fleire oppskrifter på curry? Her finn du dei.

Oppskrift på Kikertcurry med grønnkål

4 porsjonar / Tid: 30 min

Kikertcurry

  • 1 ss (kokos)olje
  • 1 raudløk
  • 3 fedd kvitløk
  • 1 cm ingefærrot
  • 1 gulrot
  • 1-2 ss currypulver
  • 1 ts salt
  • 1/2 ts pepar
  • 400 g cherrytomat på boks
  • 400 g kokosmjølk på boks
  • 400 g kikerter på boks
  • 3-4 blad grønkål
  • 1 ss tamari/soyasaus
  • 1/2 sitron
  • 1 korianderplante
  1. Finhakk løk, kvitløk, ingefær og gulrot. Fres det i oljen til løken blir blank.

  2. Ha i currypulveret og la det frese med i 1-2 minutt.

  3. Hell kokosmjølka og cherrytomatane frå boksene sine over i gryta.

  4. Skyl kikertene i eit dørslag og la dei renne av seg. Ha dei i gryta saman med salt og pepar.

  5. Fjern stammen på grønkålblada og riv dei i mindre bitar. Skyl godt og kna dei litt slik at dei fell litt saman. Ha dei i gryta.

  6. Rør inn tamari og skvis sitronsafta ut av sitronen og ned i gryta. Strø finhakka koriander på toppen. Og ja, du kan bruke stilken også.

  7. Server currygryta saman med kokt ris, quinoa, couscous eller hirse som du ser på biletet. Håper det fell i smak!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!