Vekemeny 41

Vekemeny 41 er på plass! Her står haustferien for tur, med betre tid og heilt sikkert ein gjærbakst i løpet av veka. Om du har ferie eller ei så trengst det mat på bordet, og her får du vekas forslag til meny. Enjoy!

PS. Har du kika innom YouTube-kanalen til kvardagsmat? Eg har begynt å leike meg med videoar av rettane, og håper du vil ta ein kik. Her får du ein smakebit av vekas video, til denne oppskrifta. Klikk gjerne abonner, så får du med deg når neste video kjem:)

Vekemeny 41

Mandag

Vegetarlasagne med penne og creme fraiche

Vegetarlasagne med penne og creme fraiche

Vegetarlasagne med penne og creme fraiche blei til ein gong vi mangla pastaplater for å lage vanleg lasagne. I staden hadde vi pasta penne og det viste seg å funke… Fortsett å les »

Tysdag

Fiskegrateng med potetmos

Fiskegrateng med potetmos

Fiskegrateng med potetmos er familievenleg mat som både små og store likar. I denne versjonen er det reker, men det kan du hoppe over om det finnast skeptikarar. Eller så… Fortsett å les »

Onsdag

tomatsuppe

Tomatsuppe med ekstra vitamin

Visste du at paprika inneheld fire gongar så mykje c-vitamin som appelsin? Vi brukar mykje paprika her i heimen, både i supper, sausar, gratengar og smoothie. I denne suppa har… Fortsett å les »

Torsdag

laks med kefirdressing

Laks med kefirdressing

Laks med kefirdressing i samarbeid med Kefir /annonse/ Laks med kefirdressing er ein perfekt kvardagsmiddag som ikkje tek lang tid å lage og som smakar veldig godt! Steikt laks er… Fortsett å les »

Fredag

tex-mex panne med makaroni

Tex-mex panne med makaroni

Tex-mex panne med makaroni har friske fargar og mild tex-mex smak. Smelta ost gir den gode kosemat-kjensla. Du veit den maten du kan ete frå ei skål med berre ein… Fortsett å les »

Laurdag

Haustgryte med vilt og sopp

Haustgryte med vilt og sopp

Haustgryte med vilt og sopp er søndagsmiddagen som regjerer her denne tida på året. Jordleg kryddersmak frå timian blanda med sopp frå skogen og viltkjøt frå frysaren. Her blir det… Fortsett å les »

Søndag

Chiligryte med søtpotet og linser

Chiligryte med søtpotet og linser

Chiligryte med søtpotet og linser er ein av mine favorittgryter å lage, og ei gryte som eg ofte lagar i ulike versjonar. Denne versjonen med søtpotet har blitt ein gjengangar… Fortsett å les »

Noko godt

Petterkjeks

Petterkjeks er vel det næraste du kjem julemannar utan at det treng å vere julehøgtid. Då treng ein vel ikkje utbrodere noko meir at dette er populær bakst blant kidsa! Denne… Fortsett å les »

Brødmat

grove scones

Grove scones på 1-2-3

Dersom eg har gløymt å sette den eltefrie deiga kvelden før og huset er tomt for brød, er det raskt og enkelt å lage scones. Det tek maks fem minutt… Fortsett å les »

Vekas kake

pavlova med jordbær og smash

Pavlova med jordbær og smash

Pavlova med jordbær og smash er perfekt å setje på kakebordet. Her er det krem for dei som likar det best. Bær for dei som har det som favoritt. Og… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.