Grove scones på 1-2-3

Image

Dersom eg har gløymt å sette den eltefrie deiga kvelden før og huset er tomt for brød, er det raskt og enkelt å lage scones. Det tek maks fem minutt å røre sammen deiga og på den tida rekk omnen å varme seg opp. Deretter er det berre å ta morgenstellet medan dei flate rundingane steiker seg, heving trengst ikkje.Rykande varm og sunn frukost på ein heilt vanleg kvardag kan la seg gjere!

Du treng:

  • 2 1/2 dl kveitemjøl
  • 2 1/2 dl sammalt kveite, gjerne grov
  • 1/2 ts hornsalt
  • 3 ts bakepulver
  • 1/4 salt
  • 2 dl cultura
  • 2 ss olivenolje

ImageRør saman ingrediensane i ein bolle og bruk tilslutt hendene for å kna det sammen til ei deig. Bruk litt mjøl på henda og strø litt på eit bakepapir, arbeid med deiga rett på bakepapiret så slepp du sølete kjøkkenbenk på morgenkvisten.

Del deiga i fire like delar, trill til bollar og trykk dei flate slik at dei er omlag 1 cm høge. Lag eit kryss i kvar runding og steik dei midt i omnen på 225 grader, over- og undervarme, i ca 15 minutt.

 

Server med smør og syltetøy, eller som her med nyplukka blåbær.

Oppskrifta er henta frå Yngvar Andersen “Kom i form”.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.