Chiligryte med søtpotet og linser

Chiligryte med søtpotet og linser er ein av mine favorittgryter å lage, og ei gryte som eg ofte lagar i ulike versjonar. Denne versjonen med søtpotet har blitt ein gjengangar heime hjå oss, sidan eg er svak for den poteta.

oppskrift god chiligryte

Gryta kan fint lagast vegetarisk ved å kutte ut kjøtet, den funkar like bra utan. Lag gjerne ein raus porsjon, for dette er gull mat å varme opp dagen etter. Då rører vi gjerne risen som vi har til inn i gryta og serverer som ein slags risotto-gryterett.

Chiligryte med søtpotet og linser

 

chili

Her finn du andre typar chiligryter på bloggen.

Oppskrift på Chiligryte med søtpotet og linser

4-5 porsjonar / Tid: 30 min

  • 400 g karbonadedeig
  • 100 g bacon
  • 1 søtpotet (ca 300 g)
  • 1 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • ½-1 raud chili
  • 1 ts spisskummen
  • 400 g hermetiske tomatar
  • 1 kartong (ca 300 g) linser
  • 2-3 dl kraft (eller vatn + buljong)
  • ½ ts sukker
  • 1 ts salt
  • 1/2 ts pepar
  • litt friske urter
  1. Steik karbonadedeiga i litt smør/nøytral olje og sett til side.

  2. Skjær bacon i bitar og steik til det er sprøtt, legg til side, men la feittet vere igjen for å steike løken.

  3. Skjær løk i terningar, finhakk kvitløk og chili.

  4. Fres løken i baconfettet til den er blank.

  5. Ha i kvitløk og chili og spisskummen.

  6. Ha over hermetiske tomatar og kraft og koks opp.

  7. Skrell og del søtpoteta i terningar, ha den i gryta.

  8. Skyl av linsene i eit dørslag og ha dei i gryta.

  9. Ha i karbonadedeiga og baconet og la det småkoke i ca 10 min, til søtpoteta er mør.

  10. Smak til med sukker, salt og peppar.
    Server gryta med ris og friske urter.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.