Vekemeny 38
Har du funne rytma i kvardagsplanlegginga? No er vi godt i gong med september, og vi merkar i allefall her i huset at kvardagen har stabilisert seg. Lekser, aktivitetar og middagsplanlegging har blitt ei rutine igjen, etter late sommardagar. Litt inspirasjon i matvegen er vel uansett aldri å forakte. Her får du denne vekas forslag til meny!
Vekemeny 38
Mandag
Vegetarlasagne med penne og creme fraiche
Vegetarlasagne med penne og creme fraiche blei til ein gong vi mangla pastaplater for å lage vanleg lasagne. I staden hadde vi pasta penne og det viste seg å funke… Fortsett å les »
Tysdag
Fiskesuppe med kvitvin
Fiskesuppe med kvitvin er enkel å lage og smakar mildt og godt slik ei fiskesuppe skal gjere. Det som tek mest tid er å koke inn kvitvinen, så gå i… Fortsett å les »
Onsdag
Tomatsuppe med ekstra vitamin
Visste du at paprika inneheld fire gongar så mykje c-vitamin som appelsin? Vi brukar mykje paprika her i heimen, både i supper, sausar, gratengar og smoothie. I denne suppa har… Fortsett å les »
Torsdag
Fiskegrateng med potetmos
Fiskegrateng med potetmos er familievenleg mat som både små og store likar. I denne versjonen er det reker, men det kan du hoppe over om det finnast skeptikarar. Eller så… Fortsett å les »
Fredag
Pai med skinke og ruccola
Grov botn: 2dl kveitemjøl 2dl fullkornkveitemjøl 1dl varmt vatn 1dl solsikkeolje Bland saman og trykk ut i ei paiform. Kan gjerne forsteikast i ti min på 200 grader om du… Fortsett å les »
Laurdag
Enchiladas med bønner
Enchiladas med bønner Enchiladas med bønner og spicy tomatsaus er finfin fredagskveldmat å servere som variasjon til den tradisjonelle tacoen. Deilig krydra tomatsaus rulla inn i ei mjuk lefse med… Fortsett å les »
Søndag
Viltgryte med reinskav
Viltgryte med reinskav er haustgryte delux! Gode smakar kokt saman og servert rykande varmt med søtt syltetøy til og gjerne ei raus skei potetmos. All den kantarellen vi plukka tidlegare… Fortsett å les »
Noko godt
Bringebær og cashewnøtt-iskrem
Bringebær og cashewnøtt-iskrem laga av nettopp berre bringebær og cashewnøtter! Er det ikkje fantastisk at dei to i saman kan bli nydeleg iskrem? Bær og nøtter altså. Eg synest i… Fortsett å les »
Brødmat
Eltefritt langpannebrød med rug
Eltefritt langpannebrød med rug har blitt baka jamt dei siste vekene her i heimen. Den eltefrie metoden er ein favoritt, og oftast blir det eltefrie rundstykker. Det går kjapt og… Fortsett å les »
Vekas kake
Pavlova med friske bær
Sidan det er mogleg å delta med to kaker på Matbloggsentralen si OL-utfordring passa det bra å publisere kaka som er eit av hovudbileta på facebooksida og instagram til Heimelaga -men enkelt…. Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.