Pavlova med friske bær

pavlova

Sidan det er mogleg å delta med to kaker på Matbloggsentralen si OL-utfordring passa det bra å publisere kaka som er eit av hovudbileta på facebooksida og instagram til Heimelaga -men enkelt.

Kaka har blitt laga mange gongar etter at eg første gong fann oppskrifta på Trinesmatblogg. Etterkvart har eg tilpassa den slik at den passar til mitt kakefat, men det som skil denne pavlovaen frå andre er den gode smaken som balsamicoeddiken gir og den hakka sjokoladen. Nydeleg! Ikkje vanskeleg i det heile, det einaste du må passe på er å lage botnen dagen før du skal servere og ha på krem og pynt rett før servering.

Du treng:

  • 5 eggekviter
  • 275g sukker
  • 1ss balsamicoeddik
  • 1/4ts salt
  • 100g mørk kokesjokolade
  • 1ss maizena
  • 3dl kremfløyte
  • 3dl creme fraiche
  • ei korg jordbær
  • ei korg blåbær
pavlova
  1. Pisk eggekviter, salt og litt av sukkeret til mjuk marengs. Ha i resten av sukkeret litt etter litt og tilslutt balsamicoeddiken. Auk hastigheita og pisk til det blir tjukk marengs.
  2. Sikt i maizena og vend inn hakka sjokolade.
  3. Ha over på eit bakepapir og steik på 120 grader i 60-70min.
  4. La den avkjøle inne i omnen med døra på gløtt, gjerne over natta.
  5. Pisk creme fraichen og stryk utover, gjer det same med kremfløyta blanda med 1ss sukker.
  6. Pynt med bær og server med det same:)

Friskt og godt med dei norske fargane på toppen!

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.