Vekemeny 50
Så var det tredje søndag i advent, og vi er over på femti-talet i vekenummer. 2023 nærmar seg for kvar dag, men før det er det juleferie, og god mat på menyen. Her får du denne vekas forslag til meny.
Mandag
Kikert-pannekaker (utan egg, mjøl eller mjølk)
Desse kikert-pannekakene er supre å lage om du har nokon som må ha glutenfritt, mjølkefritt eller utan egg. Eller om du vil ha ekstra proteinrike pannekaker. Den essensielle ingrediensa er… Fortsett å les »
Tysdag
Blomkål-taco
Blomkål-taco er ikkje noko ny oppfinning, og er eit supert alternativ til den tradisjonelle kjøttdeiga. Blomkålen deler du enkelt i bitar, vender inn med olje og krydder og steiker i… Fortsett å les »
Onsdag
Bakt søtpotet med kikerter
Bakt søtpotet med kikerter er kosemat som lagar seg sjølv. Bakt søtpotet smakar søtt, mjukt og godt. Med knasande kikerter på toppen kan dette serverast både som middag eller digg… Fortsett å les »
Torsdag
Kjøttdeig og paprikagryte
Kjøttdeig og paprikagryte er laga på 30 minutt, og smakar betre enn nokon posegryterett du kan finne på butikken. Barnevenleg utan chili i, men med god smak likevel. I tillegg… Fortsett å les »
Fredag
Enchiladas med kjøttdeig og bønner
Enchiladas med kjøttdeig og bønner er perfekt å servere når du har restar frå fredagstacoen. Ved å tilsette litt ekstra ingrediensar får du både ein ny rett og du får… Fortsett å les »
Laurdag
Braisert lammeskank med marokkansk curry
Braisert lammeskank høyres spanande og vanskeleg ut, men tyder berre at du skal brune kjøtet før du legg det i ei gryte med lokk og let det steike/koke vidare i… Fortsett å les »
Søndag
Pai med skinke og ruccola
Grov botn: 2dl kveitemjøl 2dl fullkornkveitemjøl 1dl varmt vatn 1dl solsikkeolje Bland saman og trykk ut i ei paiform. Kan gjerne forsteikast i ti min på 200 grader om du… Fortsett å les »
Vekas brødmat
Julekrydra havregrynsrundstykker
Julekrydra havregrynsrundstykker er mi oppskrift for deltaking i matbloggarane si #oppskriftsutfordringen for desember, som har tema julekrydder. Med deilig smak av kanel, kardemomme, valnøtter og rosiner blei dette den litt… Fortsett å les »
Noko godt
Smultringar
Smultringar har rykte på seg for å vere vanskelege og farlege å lage, men det er eg slett ikkje enig i. Det er ikkje ei julekake som små born skal… Fortsett å les »
Vekas kake
«Delfiakake» med kokosolje
«Delfiakake» med kokosolje er laga heilt utan Delfia-feitt, men med sunn og god kokosolje. Upåklageleg smak, deilig sjokolade og knasande kjeks. Perfekt mektig julekake til kaffien! «Delfiakake» med kokosolje I… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.