Kjøttdeig og paprikagryte

Kjøttdeig og paprikagryte er laga på 30 minutt, og smakar betre enn nokon posegryterett du kan finne på butikken. Barnevenleg utan chili i, men med god smak likevel. I tillegg til vanleg paprika har eg brukt grilla paprika. Det får du kjøpt på glas i større matvarebutikker, og er verdt å ta med seg heim.

kjøttdeig og paprikagryte

Kjøttdeig og paprikagryte

Har du ikkje grilla paprika for hand kan du bruke vanleg raud paprika i staden. Eller grille dei sjølv under grillelementet eller på grillen din. Skinnet skal bli svart før du legg den i ein plastpose nokre minutt. Når paprikaen har får kjølt seg litt ned kan du dra av det svarte skalet og hakke den opp.

Til gryta har vi servert ris, det er nemleg akkurat passe koketid på risen fram til gryta er ferdig.

kjøttdeig og paprikagryte
Klikk her for å finne oppskrift på Meksikansk gryte.

Oppskrift på Kjøttdeig og paprikagryte

4-6 porsjonar / Tid: 30 min

  • 1-2 ss rapsolje
  • 1 løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 500 g kjøttdeig
  • 1 ts spisskummen
  • 1/2 ts paprikapulver
  • 3 ss tomatpuré
  • 1 gul paprika
  • 1 oransje paprika
  • 1 glas grilla paprika
  • 1 gulrot
  • 400 g hakka tomat
  • 4 dl kyllingkraft
  • 1 ts salt
  1. Del løk i terningar og finhakk kvitløken. Fres løk i olje til den blir blank. Ha i kjøttdeig og kvitløk, la frese med til kjøttdeigen er steikt.

  2. Strø over spisskummen og paprikapulver. Rør inn tomatpuré.

  3. Del paprika og gulrot i terningar. Ha dei i gryta.

  4. Hell over kraft og hakka tomat. Rør inn salt og kok opp.

  5. La gryta småkoke i 20 min. Kok gjerne ris til.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.