Vekemeny 11

Ny søndag og ny vekemeny! Sjølv om det er stilt på bloggen for tida prøvar eg å halde oppe vekemenyane etter fine meldingar og ønsker frå dykk. Stas at de framleis brukar oppskriftene og at det er mykje trafikk her inne sjølv med lågare frekvens på innlegga frå mi side.

Alltid hyggeleg å få meldingar og epostar med alt det gode de lagar frå bloggen. Tusen takk!

Mandag

Chili sin carne med squash og potet

Kan ein få nok chiligryter? Nei, det trur eg faktisk ikkje. Varmande, smakfullt, sunt og godt. Og perfekt å varme opp dagen etter. Det er jo min favorittmat. Ferdig-preppa dagen… Fortsett å les »

Tysdag

Kyllingwok med chili og cashewnøtter

Denne retten er i likheit med black pepper beef ein sikker vinnar å bestille på restaurant eller i dei mange food court’ane her i Asia. Den finnast i utallige variantar… Fortsett å les »

Onsdag

fiskebollar i karrisaus

Fiskebollar i karrisaus

Fiskebollar i karrisaus er så mykje enklare å lage enn du trur. Har du nokon gong laga kjøttkaker? Det er ganske likt, og dette er ein slik rett som går… Fortsett å les »

Torsdag

Chiligryte med søtpotet og linser

Chiligryte med søtpotet og linser

Chiligryte med søtpotet og linser er ein av mine favorittgryter å lage, og ei gryte som eg ofte lagar i ulike versjonar. Denne versjonen med søtpotet har blitt ein gjengangar… Fortsett å les »

Fredag

taco med torsk

Fisketaco med kvit fisk

Fisketaco er nydeleg godt, og ein perfekt måte å få i familien meir fisk på. Kvit fisk er mild i smaken, og med tacokrydder og tortillachips rundt er det ikkje… Fortsett å les »

Laurdag

Haustgryte med vilt og sopp

Haustgryte med vilt og sopp

Haustgryte med vilt og sopp er søndagsmiddagen som regjerer her denne tida på året. Jordleg kryddersmak frå timian blanda med sopp frå skogen og viltkjøt frå frysaren. Her blir det… Fortsett å les »

Søndag

skrei

Steikt skrei med appelsinsaus

Steikt skrei med appelsinsaus er ein nydeleg ny og frisk måte å servere skrei på. Skreien er i sesong frå januar til april og er på sitt aller beste no,… Fortsett å les »

Vekas brødmat

brød

Grovt langpannebrød

Langpannebrødet med rug og havre blei fort ein favoritt her på bloggen, og spørsmåla om ein grovare variant kom både på facebook, instagram og snapchat. Det måtte sjølvsagt la seg… Fortsett å les »

Noko godt

daddel-snack

Daddel-snack

Dadlar er naturleg søte, og treng difor ikkje å få blanda inn sukker for å vere ein nydeleg snack. Det er difor eit perfekt alternativ til sjokoladeskåla når du er… Fortsett å les »

Vekas kake

Skumkake

Skumkake

Skumkake er min barndoms favoritt; ikkje noko barneselskap utan.  Og den tradisjonen kan eg lett overføre vidare til mine born. Kven likar vel ikkje kokosbollar? Her får du kakeversjonen! Skumkake… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.