Reklame

Chili sin carne med squash og potet

Kan ein få nok chiligryter? Nei, det trur eg faktisk ikkje. Varmande, smakfullt, sunt og godt. Og perfekt å varme opp dagen etter. Det er jo min favorittmat. Ferdig-preppa dagen før, og nesten null oppvask etter middag. Her får du oppskrift på ei chiligryte til, denne gong med digge krydder frå Helios i tillegg til squash og potet som spelar hovudrolla.

Dette er ei gryte som er fin å lage av matvarer som ein har ståande i kjøkkenskapet. Med eit basic-utval av varer i skapet til ei kvar tid er det lettare å lage mat frå botnen. Difor finn du alltid løk, kvitløk, krydder, sausar, hakka tomat og linser/bøner heime hos oss. Med friske grønsaker i kjøleskapet er det lett å lage ei gryte som dette, utan å måtte planlegge først.

Chili sin carne med squash og potet

Chili sin carne med squash og potet

For å få digg umami smak utan kjøtt i gryta er det både tamari, sjokolade og soltørka tomat med i denne gryta. Nydelege smakar kvar for seg og i lag.

Fleire chiligryter på bloggen finn du her (klikk på namnet for å kome til oppskrifta):

Chiligryte med chorizo og sjokolade
Chiligryte med søtpotet og linser
Chiligryte
Chili con carne

Oppskrift på Chili sin carne med squash og potet

4 porsjonar / Tid: 30

  • 1 ss olje
  • 1 løk
  • 3 fedd kvitløk
  • 3 poteter
  • 1 gulrot
  • 1 ss Helios paprika
  • 1 ss Helios spisskummen
  • 1 ts Helios oregano
  • 1/2 ts Helios kanel
  • 1 ts salt
  • 1/2 ts pepar
  • 2 ss tomatpure
  • 400 ml hakka tomat på boks
  • 4 dl vatn/grønsaksbuljong
  • 2 tomatar
  • 1/2 squash
  • 1 boks mais
  • 1 boks grøne linser
  • 6-8 soltørka tomat i olje
  • 1 ss tamari/soyasaus
  • 20 g mørk sjokolade
  • 1/2 ts sriracha (chilisaus)
  • 1 ts Helios chiliflak
  • 1 lime
  • 1 potte frisk koriander
  1. Del løk og kvitløk i terningar og fres i oljen til løken blir blank.

  2. Ha i alle kryddera og tomatpureen og la frese med i 1-2 minutt.

  3. Del poteter og gulrot i terningar og fres vidare i 2-3 minutt.

  4. Hell over hakka tomat og vatn/grønsaksbuljong. Kok opp og la småkoke utan lokk.

  5. Del tomat og squash i terningar og ha i gryta.

  6. Hell av laken på linsene, skyl av dei og ha i gryta. Gjer det same med maiskorna.

  7. Del soltørka tomat i små bitar og ha dei i gryta. Rør inn tamari/soyasaus og sriracha. Ha i sjokoladen.

  8. La gryta koke til potetene er møre, ca 20 minutt. Rør innimellom.
    Skvis safta av limen over og strø over chiliflak og koriander ved servering.
    Server gjerne med ris og tortillachips til.

stjerne Dette blogginnlegget er reklame for Heilos

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!