Vekemeny 10

Hei søndag og hei mars! Sjølv med ein dag ekstra kom og gjekk februar som ein røyk. Eg tek det alltid som eit godt teikn når tida går fort, det betyr ofte at ein har det kjekt!

I dag har eg spurt på Instagram-story om de helst ville ha vegetar-meny vidare eller om de ville ha tilbake den gamle vekemenyen. Ganske kjapt viste målinga at fleirtalet ville ha tilbake den gamle menyen, så her er den tilbake!

Mange sendte innspel om at dei likevel vil ha minst to vegetarmåltid på menyen, og det fiksar vi sjølvsagt lett.

Håper du finn noko som fristar!

Mandag

makaroni og kinakålsalat

Makaroni og kinakålsalat

Makaroni og kinakålsalat er knasande sprø og perfekt tilbehør til grillmat. Med god smak frå eple, stangselleri og rosiner i tillegg til knasande kål er dette lett å like. Dressingen… Fortsett å les »

Tysdag

wok

Spicy svinewok

Wok er verkeleg kvardagsmat. Raskt, enkelt og godt. Og så bøttevis med grønsaker innkludert! Det kan vel alle like? I denne versjonen har eg brukt svinefilet, som er skjært i… Fortsett å les »

Onsdag

kvitvinsdampa blåskjell

Fiskesuppe med reker og blåskjell

Ein ting vi norske var rimeleg enige om at vi sakna i Asia var fisk og fiskemat. Eller for å vere meir korrekt; fisk laga på nordiske måtar. I Asia… Fortsett å les »

Torsdag

vegetarisk langpanne med avokado-hummus

Vegetarisk langpanne med avokado-hummus

Mat som lagar seg sjølv i omnen er alltid lett å like, og her får du ei digg langpanne som du kan sette rett på bordet. Det heile er herleg… Fortsett å les »

Fredag

kvit pizza med røykalaks

Glutenfri kvit pizza med ramsløk, røykt ørret og ruccola

Glutenfri kvit pizza med ramsløk, røykt ørret og ruccola er pizza med ein ny vri. Ramsløk blanda med creme fraiche gir ein flott grønfarge på pizzasausen, men denne kan også… Fortsett å les »

Laurdag

verdens beste hjortegryte

Hjortegryte med gratinert potetmos

Hjortegryte med gratinert potetmos er ein vinnar å setje på bordet når det er gjestar i heimen. Med ein jeger i hus er dette kortreist mat som mettar mange. Det… Fortsett å les »

Søndag

steikt skrei

Steikt skrei med omnsbakt søtpotetmos og hasselnøtter

Steikt skrei med omnsbakt søtpotetmos og hasselnøtter har alt ein fiskerett skal ha. Gode smakar og krønsj på toppen. Når søtpotetene får seg ei runde inn i omnen som dette… Fortsett å les »

Vekas brødmat

Eltefritt grovbrød i gryte

Eltefritt er favorittmetoden her i huset. Rør raskt saman deiga om kvelden, la deiga heve heile natta og nyt nysteikt brød til sein frukost eller lunsj. Har du forsøkt denne… Fortsett å les »

Noko godt

sunn ispinne

Smoothie ispinne

Smoothie ispinne er resultat etter mi begeistring for smoothie-bowl som du finn mange ulike versjonar av her på bloggen. Med restar frå ein slik deilig frukost ein dag og tomme… Fortsett å les »

Vekas kake

fransk sjokoladekake

Fransk sjokoladekake med bringebærsaus

Fransk sjokoladekake med bringebærsaus har eitt lag kake og eitt lag sjokolademousse på toppen. Men det geniale er at det er same røra. Det underste laget er sjokolademousse som blir… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.