
Vegetarisk langpanne med avokado-hummus
Mat som lagar seg sjølv i omnen er alltid lett å like, og her får du ei digg langpanne som du kan sette rett på bordet. Det heile er herleg tidseffektivt, du klargjer og legg i omnen etterkvart som du skreller og deler opp, så steiker det seg ferdig samtidig.

Vegetarisk langpanne med avokado-hummus
I denne versjonen har eg bruke søtpotet og rosenkål som base, men om du ikkje har det i hus så ikkje la deg stoppe. Du kan lett bytte til noko du har liggande i staden, alt av rotgrønsaker funkar.

Når grønsakene har blitt godt steikte tek du ut plata og toppar med godsaker som ikkje treng steiking, og serverer med ein digg dipp. Her er det avokado-hummusen som har fått vere med. Yum! Håper det fell i smak:)
Oppskrift på Vegetarisk langpanne med avokado-hummus
Langpanne
- 1 stor søtpotet
- 3-4 ss olje
- 1 ss (flak)salt
- 300-400 g rosenkål
- 3-4 ss cashewnøtter
- 1 ts cumin
- 1 ts paprikapulver
- 1/2 ts chiliflak
- 2 vårløk
- 1/2 granateple
- 2 ss svarte sesamfrø
- 1/2 lime
Avokado-hummus
Pitabrød
Set omnen på 225 grader over- og undervarme og finn fram ei langpanne med bakepapir.
Skrell søtpoteta og del den i terningar. Fordel ut over langpanna, ringle 2 ss olje over og strø saltet over. Steik i 15 minutt.
Del rosenkålen i to og fjern samtidig eventuelle stygge blad. Skyl godt og la renne godt av seg. Fordel over i langpanna saman med søtpotetbitane og ringle over resten av oljen. Steik vidare i 15 minutt.
Krydre langpanna med cumin, paprikapulver og chiliflak. Strø cashewnøttene over og steik vidare i 15 minutt til.
Ta langpanna ut av omnen og topp med vårløk, granateplekjerner, (svarte) sesamfrø og lime i mindre båtar.
Set langpanna rett på bordet og server med avokado-hummus og pitabrød.
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.