Vegetar-meny 3

Vegetar-meny 3 er på plass og denne veka kan eg friste med den heilt nye brownies-oppskrifta med havregryn og dadlar. Mmmm! Den er ein som kjem til å bli laga mange gongar på kjøkkenet her.

Sidan kladdeboka mi med oppskrifta var neste uleseleg måtte eg lage den ein gong til før publisering for å vere sikker på mengdemåla. Eg kom aldri så langt at eg fekk smelta sjokolade og strødd valnøtter på toppen, kaka forsvann bit for bit frå kjøleskapet ganske så kjapt. Perfekt kos til kaffien!

Vegetar-meny 3

Lurer du på kvifor vekemenyen er bytta ut med vegetar-meny? Sjekk ut utfordringa eg gav (meg sjølv) for 2020. Klikk her for å lese årets første vegetar-meny.

Håper du får ei fin veke!

Vegetar middag

Chili sin carne med squash og potet

Kan ein få nok chiligryter? Nei, det trur eg faktisk ikkje. Varmande, smakfullt, sunt og godt. Og perfekt å varme opp dagen etter. Det er jo min favorittmat. Ferdig-preppa dagen… Fortsett å les »

Vegetar middag

blomkålvinger

Blomkålvingar

Blomkålvingar er ein av dei beste måtane å servere blomkål på. Utan tvil! Det er ikkje vanskeleg å lage heller, men blomkålen må få litt tid i omnen før det… Fortsett å les »

Vegetar middag

tomatsuppe

Tomatsuppe med ekstra vitamin

Visste du at paprika inneheld fire gongar så mykje c-vitamin som appelsin? Vi brukar mykje paprika her i heimen, både i supper, sausar, gratengar og smoothie. I denne suppa har… Fortsett å les »

Vegetar middag

gryte med sopp og linser

Butterdeigpai med sopp og linser

Butterdeigpai med sopp og linser er haustmat for mørke kveldar. Oppskrifta blei til ved at vi laga gryte eine dagen, og så pimpa vi opp restane med å legge butterdeig… Fortsett å les »

Vegetar middag

taco med kikerter

Taco med kikerter

Taco med kikerter er ein herleg vegetarisk versjon av den populære fredagsmiddagen. Kikerter som er steikte i omnen i staden for kjøttdeig smakar knasande godt. Vend dei inn med tacokrydder… Fortsett å les »

Vekas frukosttips

sunn smoothie bowl

Smoothie-bowl med pasjonsfrukt og chiafrø

Smoothie-bowl har eg publisert fleire versjonar av her på bloggen, denne gongen er det med frisk og søt eksotisk frukt. Pasjonsfrukt dukkar opp med ujamne mellomrom på butikken min, og… Fortsett å les »

Vekas brødbakst

kvardagsmat

Eltefritt brød med heilkorn frå kveite

Eltefritt brød har blitt vårt kvardagsbrød. Anten blir det rørt saman om kvelden og steikt om morgonen, eller så blir det rørt saman om morgonen og steikt etter middag. Har… Fortsett å les »

Vekas søtt

Mørk brownies med dadlar (vegansk og glutenfri)

Mørk sjokolade er noko av det beste eg kan få, og er du like glad i det som meg kan du glede deg til denne klissete mørke browniesen som du… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.