Grøn falafel med salat og avokadohummus

Grøn falafel er nydeleg vegetarmat som har krønsj på utsida og mjuk og irrgrøn innside. Det er spinat som gir den flotte fargen, utan å overdøve den gode falafelsmaken. Perfekt kombo då!

grøn falafel

For å få best resultat gjeld det å starte 12 timar i førevegen. Falafel blir nemleg best, og smuldrar minst, om du lagar den med bløytlagde kikerter i staden for dei ferdigkokte på boks. Kikerter på boks har blitt kokt først, så det er ikkje det same som ukokte og bløytlagde kikerter.

Å bløytlegge kikerter er eigentleg den enklaste oppgåva av dei alle. Tørka kikerter finn du på større matbutikkar og i innvandrarbutikkar. Du måler enkelt opp kor mykje du skal ha, legg det i ei stor skål og dekker med vatn. Så er det berre å la skåla stå på benken over natta. Pass på at du har ei stor nok skål og vatn 2-3 cm over kikertene, for dei vil doble seg i storleik.

grønn falafel

I oppskrifta har eg brukt kikertmjøl som også er å finne på større matbutikkar, i innvandrarbutikkar eller på helsekost. Med dette mjølet blir deiga naturleg glutenfri, og det er ofte kikertmjøl som blir brukt i originale oppskrifter. Har du ikkje dette mjølet og ikkje treng å tenke glutenfritt er det ingenting i vegen for å bruke vanleg kveitemjøl i staden.

Likar du falafel? Då har du kanskje sjekka ut dei andre falafeloppskriftene her på bloggen?

Oppskrift på Grøn falafel med salat og avokadohummus

4 porsjonar / Tid: 1,5 t + bløytlegging

Grøn falafel

  • 200 g tørre kikerter (ca 450 g bløytlagde)
  • 1 løk
  • 3 fedd kvitløk
  • 3 dl spinat
  • 2 ss kikertmjøl
  • 1 ts salt
  • 1/2 ts pepar
  • 2 ts spisskummen
  • 1/2 ts kardemomme
  • 1 ts koriander
  • Nøytral olje til steiking

Tilbehør

  1. Bløytlegg kikerter over natta, i ein bolle som har rikeleg med vatn og plass til at kikertene kan doble seg i storleik. (Du kan bruke kikerter på boks også, men då er det større sjanse for at falafelane vil smuldre.)

  2. Hell av bløytleggingsvatnet og skyl kikertene godt.

  3. Skrell og del løk og kvitløk i grove bitar. Ha dei i foodprosessoren og køyr til dei er finhakka. Ha i spinat, kikerter, kikertmjøl og alt krydderet. Puls saman til alt er smuldra som grove sandkorn. Set i kjøleskap i 30-45 min.

  4. Varm opp ca 1 cm olje i ei steikepanne eller gryte. Form ei kule av 1 ss masse og trykk litt flat. Prøvesteik ein i oljen for å sjå at det er passe varmt. Det skal ta 1-2 min å steike på kvar side av falafelen. Får den ikkje farge må du skru opp temperaturen litt, eller skru ned temperaturen litt om den blir fort brend.

  5. Steik falafelane i oljen og legg over på ein tallerken som er dekka med tørkerull.

  6. Server grøne falaflar med tilbehøret som over, eller oppbevar i tett boks i kjøleskapet i 3-4 dagar.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.