Falafel med paprikasmak

enkel falafel
Falafel er så godt -og så enkelt å lage! Det er berre å bli kjent med denne deilige fastfoodretten frå midtausten og ta den inn på ditt kjøkken med det samme. Denne gongen har falafelane fått god smak av paprikapulver, og det fall godt i smak hjå alle rundt bordet.

For å lage falafel treng du kikerter, som du anten kan bløytleggje over natta og koke sjølv -eller gjere som meg; bruk kikerter på boks som er klare til bruk. Då blir dette skikkeleg fastfood som berre er å kjøre saman i ei matmølle og steike.

Falafel er godt å ete som dei er, varme rett frå panna eller servert med hummus, pitabrød eller salat. Finn fram det du har i kjøleskapet og lag din eigen lille meze med mange små rettar!

Har du røykt paprikapulver er det knallgodt i denne, men det funkar også med vanleg paprikapulver.

lage falafel

Fekk du lyst til å lage falafel? Her får du steg for steg:

Falafel med paprikasmak

10 stk (4 pers):

  • 400 g kikerter på boks
  • 1 liten løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 1 ts spisskummen (cumin)
  • 1/4 ts chilipulver
  • 1-2 ts (røykt) paprikapulver
  • 1/2 ts pepar
  • 1/4 ts kardemomme
  • 1 ts salt
  • 1/2 ts bakepulver
  • 2-3 ss kveitemjøl (eller glutenfritt mjøl/kikertmjøl)
  • 3-4 ss rapsolje

Yoghurtdressing:

  • 3 ss yoghurt naturell
  • 1/2 ts spisskummen
  • 1/2 ts korianderpulver
  • Saft frå 1/2 sitron
  • litt salt og peppar

Servert saman med:

  • Pitabrød
  • Salatblanding
  • Rødløk
hvordan lage falafel

Oppskrift:

  1. Skyl kikertene gjennom eit dørslag og la dei renne godt av seg.
  2. Ha alle ingrediensane til falafelane i ei matmølle med knivar og kjør til ei glatt masse. Det kan vere lurt å starte med 2 ss av mjølet og så evt. justere deiga i etterkant om den blir for laus. (Deiga kan fint oppbevarast i kjøleskap om du ikkje vil lage falafel med det samme.)
  3. Del deiga i ti like store emner og form kuler på størrelse med ein golfball og klapp dei så litt flate.
  4. Ha godt med olje i ei steikepanne, og steik falafelane til dei er gylne på undersida før du forsiktig snur dei rundt og lar dei bli gylne på den andre sida. Prøvesteik gjerne ein falafel først, og sjå om den held fasongen eller om den deler seg opp. Dersom den deler seg og flyt utover blandar du inn litt meir mjøl i deiga. Falafelane skal vere sprø på utsida og mjuke inni.
  5. Legg over på ein tallerken og server, gjerne saman med pitabrød, litt salat og yoghurtdressing.

Tips: Falafel funkar faktisk veldig bra å ete etter dei er avkjølte også, og er fine å ha med som niste dagen etter.

oppskrift falafel

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!