Falafel med tahinidressing

Falafel med tahinidressing er nydeleg vegetarmat som har krønsj på utsida og mjuk og smakfull innside. For å få best resultat krevst det at du startar minst 12 timar i førevegen. Falafel blir nemleg best, og smuldrar minst, om du lagar den med bløytlagde kikerter i staden for dei ferdigkokte på boks. Følg med under her, så får du oppskrifta.

falafel med tahinidressing

Falafel med tahinidressing

Kikerter på boks har blitt kokt først, så det er ikkje det same som ukokte og bløytlagde kikerter.  Å bløytlegge kikerter er eigentleg den enklaste oppgåva av dei alle. Tørka kikerter finn du på større matbutikkar og i innvandrarbutikkar. Du måler enkelt opp kor mykje du skal ha, legg det i ei stor skål og dekker med vatn. Så er det berre å la skåla stå på benken til du treng dei. Om bløytlegginga varer i 12 eller 48 timer er ikkje så farleg, men det må til.

falafel med tahinidresing

I oppskrifta har eg brukt kikertmjøl som også er å finne på større matbutikkar, i innvandrarbutikkar eller på helsekost. Med dette mjølet blir deiga naturleg glutenfri, og det er ofte kikertmjøl som blir brukt i originale oppskrifter. Har du ikkje dette mjølet og ikkje treng å tenke glutenfritt er det ingenting i vegen for å bruke vanleg kveitemjøl i staden. Det brukast på akkurat same måten.

falafel med tahinidressing

Håper du fekk lyst å prøve falafel, og så får du mer eit tips heilt på tampen. Leit fram Sriracha-flaska frå kjøleskapet og set på bordet. Hot chilisaus dryppa på toppen smakar nemleg også veldig godt! Velbekomme!

 

Oppskrift på Falafel med tahinidressing

4 porsjonar / Tid: 1 t + bløytlegging

Falafel

  • 250 g tørka kikerter
  • 1 potte frisk koriander
  • 3-4 sjalottløk
  • 2 fedd kvitløk
  • 1 ts spisskummen
  • 1/2 ts koriander
  • 1,5 ts salt
  • 1/2 ts bakepulver
  • 4 ts kikertmjøl (eller kveitemjøl)
  • 5 ss vatn

Steikeolje

  • 2-3 dl solsikkeolje

Tahinidressing

  • 1 dl tahini
  • 1 dl lunka vatn
  • 1 ss sitronsaft
  • 1/4 ts salt

Salat

  • Hjertesalat
  • Rødløk
  • Raud paprika
  • Vårløk
  1. Ha kikertene i ein bolle og dekk med rikeleg vatn. La stå bløytlagt i 12 timar eller meir, opp til to dagar går fint.

  2. Hell av vatnet og la kikertene renne godt av seg. Ha kikertene i ei matmølle saman med resten av falafelingrediensane. Køyr saman til det blir ei jamn masse, stopp maskina og skrap ned langs kanten inn i mellom for å få med alt.

  3. Lag kuler av omlag ei stor spiseskei masse og set på eit brett. Set brettet i kjøleskap i 20-30 minutt, medan du gjer klar resten.

  4. Lag tahinidressing ved å køyre alle ingrediensane saman i ei matmølle til ei glatt masse.

  5. Del opp salatingrediensane.

  6. Varm opp oljen på medium-høg temperatur i ei vid gryte. Sjekk at oljen er varm nok ved å stikke baksida på ei tresleiv ned i. Dersom det boblar godt rundt sleiva er det varmt nok til å steike i. Ha i 5-6 falaflar i gongen og bruk to gaflar for å snu dei undervegs. Dei er ferdige når dei er gylne og crispi på utsida. Løft ut av oljen og legg over på eit tørkepapir/kjøkkenpapir for å få renne av seg.

  7. Server salat med falafel og tahinidressing på toppen.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.