Vekemeny 14

Siste dagen i mars og dermed blir vekemenyen den første for april. Ny månad, ny giv og nye rettar på kjøkkenet. Her vår du vekemeny 14 som inspirasjon til kva du kan sette på middagsbordet!

Ta gjerne ein kik på filmen som viser grove rundstykker under her. Oppskrifta er denne vekas brødmat.

Mandag

jordskokksuppe

Jordskokksuppe med søtpotetchips

Ei spanande suppe med rik smak og trendy ingrediensar. Enkel å lage, og du kan variere den med å lage med berre mjølk i staden for vatn eller med ei… Fortsett å les »

Tysdag

Fiskekaker med søtpotetmos og aioli

Fiskekaker er mykje lettare å lage enn du trur! Og smakar så godt, både for liten og stor.  Lag gjerne dobbelt opp når du først er i gong, for fiskekaker… Fortsett å les »

Onsdag

grønnsakswok med bønnespirer og cashewnøtter

Grønsakswok med bønnespirar og cashewnøtter

Grønsakswok med bønnespirar og cashewnøtter er den maten du treng når middagen må på bordet på under eit kvarter, og du har lyst på noko sunt og godt. Perfekt for… Fortsett å les »

Torsdag

Kyllingpai

Kyllingpai med søtpotetbotn

  Pai er og blir ein favoritt hjå oss. Enkelt å lage og ingrediensane til å lage ein eller annan variant finnast som regel i kjøkkenskapa. Pai er typisk kveldskos… Fortsett å les »

Fredag

tex-mex panne med makaroni

Tex-mex panne med makaroni

Tex-mex panne med makaroni har friske fargar og mild tex-mex smak. Smelta ost gir den gode kosemat-kjensla. Du veit den maten du kan ete frå ei skål med berre ein… Fortsett å les »

Laurdag

Chorizoburger med chilimajones og potetbåtar

Chorizoburger med chilimajones og potetbåtar

Hamburger er ein av mine favorittar, og spesielt grilla hamburger. Det gir ein ekstra godt smak, og så er det så hærleg ukomplisert og lett å lage! Denne versjonen smakar ekstra… Fortsett å les »

Søndag

lammegryte med smak av marokko

Lammegryte med rotgrønsaker

Lammekjøtt som blir kokt leeenge blir utruleg mørt og godt. Denne gryta kan du anten laga som ei langtidskokt gryte som får stå og kose seg på omnen lenge, eller… Fortsett å les »

Vekas brødmat

kvardagsmat oppskrift grove rundstykker

Grove rundstykker

Grove rundstykker er alltid populært å få servert til frukost eller å få ha med i matpakken. Ekstra godt er det å kunne dekkje kjøkkenbordet med godt pålegg og servere… Fortsett å les »

Noko godt

arme riddarar

Arme riddarar

Arme riddarar er nydeleg kveldsmat eller ekstra god frukost. Og det beste av alt? Du lagar det av brød som eigentleg er tørt og ikkje så godt å ete. Med… Fortsett å les »

Vekas kake

clafoutis med moreller

Clafoutis med kirsebær

Clafoutis med kirsebær er ein populær fransk dessert med deilige bær steikt samman med ei søt pannekakerøre. Retten kan faktisk serverast både til lunsj og kvelds, sjølv om eg kanskje… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.