Fiskekaker med søtpotetmos og aioli

hjemmelagde fiskekaker

Fiskekaker er mykje lettare å lage enn du trur! Og smakar så godt, både for liten og stor.  Lag gjerne dobbelt opp når du først er i gong, for fiskekaker smakar like godt til kveldsmat og til middag dagen etter. Eg har nytta meg av den enkle og gode grunnoppskrifta til Ina bak kjøkkentjeneste mange gongar, og ser ingen grunn til å endre noko som funkar. Denne oppskrifta gir nydelege fiskekaker, her servert med søtpotetmos og aioli.

Til ca 12 fiskekaker treng du:

  • 500 g kvit fisk
  • 1 egg
  • 1 ss potetmjøl
  • 1 dl mjølk
  • 1 dl fløyte (kan erstattast av mjølk)
  • 1 ts salt
  • 1/2 ts peppar
  • 1/2 ts muskatnøtt
  • 2 stilkar vårløk

Aioli:

  • 2 fedd kvitløk
  • 2 eggeplommar
  • 1/2-1 ts dijon sennep
  • 2 dl nøytral olje
  • salt og peppar
  • litt sitronsaft

Søtpotetmos:

  • 2-3 store søtpoteter
  • 1 ss smør
  • ca 2 dl vatn (eller mjølk)
  • salt og peppar
fiskekaker

Slik gjer du:

Fiskekaker:

  1. Del fisken i terningar (utan skinn og bein) og kjør den i 15-20 sekund i ei matmølle med s-knivar.
  2. Ha i resten av ingrediensane og kjør til alt er godt blanda. Hald eventuelt igjen vårløken om du vil steike nokre av fiskekakene “utan grønt i”.
  3. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
  4. Bruk to spiseskeier til ause massen frå bollen og steik fiskekaker på ei varm steikepanne. Steik 2-3 minutt på kvar side før du legg kakene over på eit steikebrett eller ei eldfast form.
  5. Steik fiskekakene i ca 10 min i omnen til dei er gjennomsteikte.
20150507-DSC_0104

Aioli:

(alle ingrediensane  vere romtempererte):

  1. Bland saman eggeplomme og sennep.
  2. Visp medan du tilset oljen i ein tynn, tynn stråle, eller dråpe for dråpe. Fortsett til all oljen er blanda inn eller du har den konsistensen du vil.
  3. Rør inn salt og peppar, pressa kvitløk og sitronsaft.
fiskekaker med søtpotetmos og aioli

Søtpotetmos:

  1. Skrell og del søtpotetene i terningar.
  2. Ha i ei kasserolle og dekk med vatn. Kok opp og la småkoke i 10-15 min til potetene er møre.
  3. Hell av kokevatnet, men ta vare på det.
  4. Mos potetene saman med smøret. Spe med litt og litt av kokevatnet og rør kraftig til du har passe konsistens.
  5. Smak til med salt og peppar.
heimelaga fiskekaker

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi første kokebok her!