Kyllingpai med søtpotetbotn

 

kyllingpai med søtpotet

Pai er og blir ein favoritt hjå oss. Enkelt å lage og ingrediensane til å lage ein eller annan variant finnast som regel i kjøkkenskapa. Pai er typisk kveldskos for oss, der restane blir til middag eller lunsj dagen etter.

Med utgangspunkt i pai med søtpotet blei denne versjonen til, og den fall absolutt i smak rundt bordet. Vil du lage «vanleg» paiskal med mjøl i kan du bytte ut søtpotetene og smøret med denne oppskrifta her. Servér pai med salat og godt brød til.

Du treng:

  • 2 søtpoteter (10-15 cm lange)
  • 50 g mjukt smør
  • 3 egg
  • 2 dl mjølk
  • 400 g kylling
  • 1 neve aspargesbønner delt i bitar
  • 1 liten løk
  • 2 fedd kvitløk
  • 3 ss hakka soltørka tomat
  • 12-15 cherrytomatar delt i to
  • 100 g fetaost
  • 1 god neve mozzarellaost
  • salt og peppar
  • Krydderforslag: basilikum og oregano (1 ts av kvar)

 

søtpotet pai

Slik gjer du:

  1. Skrell søtpotetene og del dei i terningar. Ha dei i ei kasserolle og dekk med vatn. Kok opp og la småkoke til potetene er møre, ca 10 min.
  2. Set omnen på 200 grader over- og undervarme.
  3. Mos potetene med ein potetstappar. Smuldre inn smøret (eg brukte kjøkkenmaskin med K-spade) til du får ei fast deig.
  4. Trykk deiga jamnt utover ei paiform.
  5. Forsteik paiskallet i 10 min. (Kan sløyfast).
  6. Del løken i bitar og finhakk kvitløken. Surr i ei steikepanne på middels varme til løken har blitt blank. Ha over i paiskallet.
  7. Del kyllingen i bitar, steik den i steikepanna og ha over i paiskallet.
  8. Ha i soltørka tomat, cherrytomat, aspargesbønner og fetaost.
  9. Visp saman egga og bland i mjølka. Krydre og hell over i paiforma.
  10. Avslutt med ost på toppen.
  11. Steik midt i omnen på 200 grader i 30-40 minutt. Følg med på slutten slik at den ikkje blir brent.
  12. La paien kvile litt før servering.
pai med kylling og feta

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.