Vekemeny 2

Og vips var første veka i det nye året overstått! Eg håper du har stått deg vel i innkjøringa med rutiner og kvardag igjen. Det er ingenting som er så godt som ferie, men det er nesten endå betre å kome i gong igjen etterpå. Enig?

I veka som kjem er det oppstart med alle aktivitetar for heile familien, og då krevst det planlegging for å få middagskabalen til å gå opp.

Har du problem med å lage middag rett etter jobb fordi poden skal hit eller dit er det ingenting i vegen for å servere ei brødskive og så ta middagen til kveldsmat.

Eller så har du mitt beste triks i ermet då: restemat! Ingenting smakar betre, gjev mindre oppvask og tek kortare tid. Lag difor alltid for mykje mat når du er i gong, så kan du slappe heilt av dagen etter.

Lag deg ei fin januarveke!

Mandag

falafel pita oppskrift

Falafel i pitabrød

Falafel høyrest so eksotisk og vanskeleg ut, og så er det eigentleg noko av det enklaste ein kan lage på kjøkkenet -og så godt! Du må rett nok ha eit… Fortsett å les »

Tysdag

fiskebollar i karrisaus

Fiskebollar i karrisaus

Fiskebollar i karrisaus er så mykje enklare å lage enn du trur. Har du nokon gong laga kjøttkaker? Det er ganske likt, og dette er ein slik rett som går… Fortsett å les »

Onsdag

blomkålsuppe med sprøsteikt spekeskinke

Blomkålsuppe med sprøsteikt spekeskinke

Blomkålsuppe med sprøsteikt spekeskinke er ein nydeleg klassikar av ei suppe. Suppa har mild og rund smak av blomkål og salt og sprø topping. At suppa er klar på under… Fortsett å les »

Torsdag

krema blomkål

Krema blomkål- og potetgrateng

Krema blomkål- og potetgrateng er fint å servere som ein lett liten rett i seg sjølv, eller som digg tilhøyr når du diskar opp med fisk eller kjøtrettar. Retten er… Fortsett å les »

Fredag

tex-mex

Tex-mex form med bønner og ris

Dette er ei skikkeleg digg og enkel taco-form som er lett å like. Kosemat som kan etast med berre ein gaffel eller ei skei, gjerne oppattvarma tilbakelent i sofaen. Retten… Fortsett å les »

Laurdag

grillspyd satay

Satayspyd

   Satayspyd er nydeleg, og tilgjengeleg stor sett over alt i Asia. Det finnast mange versjonar av den, og etter prøving og feiling har vi no funne det vi synest er… Fortsett å les »

Søndag

Lammeskank

Lammeskank i curry

Lammeskank er blitt skikkeleg populær mat, og det er ikkje rart når maten nær lagar seg sjølv. Du treng berre tid og med denne oppskrifta: krydder! Mykje krydder. Curry er… Fortsett å les »

Noko godt

baconsurra dadler

Baconsurra dadlar

Dette er ein av mine favorittar når det kjem til snack og tapas. Salt og søtt i ei herleg blande og passe store porsjonsbitar. Desse godbitane forsvinn alltid først frå… Fortsett å les »

Vekas brødmat

polarbrød med havre

“Polarbrød” med havregryn

“Polarbrød” med havregryn er populært å ha med i matpakken både for små og store. Desse heimelaga var ikkje mindre populære enn dei butikk-kjøpte. Og ja vi kjøper faktisk buttikbrød… Fortsett å les »

Vekas kake

Brownies

Brownies

Ei kake som både mor og barn likar må vere bankers til morsdag! Lett å lage og nydeleg åleine eller saman med litt piska krem, vaniljekesam eller is. Det er… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Likar du det du ser på bloggen her? Bestill mi nye kokebok her! #reklame