Vekemeny 17

Vekemeny 17 er på pass, og vi er straks i innspurten av april! Det betyr at kakemånaden over alle snart er over oss, og det er på tide å tenkje ut nokre godsaker å servere. Her på bloggen kjem det snarleg nokre nye kaker, og kanskje nokre gamle favorittar i ny drakt.

Denne veka har eg hatt besøk av Sunnmørsposten her heime, for å snakke om korleis det er å skrive bok. I tillegg har eg brukt mykje tid på å gå gjennom tilbakemeldingane eg har fått på innsendt manus. Og no er det straks klart for innsending til designaren. Spanande, spanande!

Håper du har hatt ei fin helg, og er klar for kvardagen igjen. Her får du vekas forslag.

Vekemeny 17

Mandag

grønnsakswok med bønnespirer og cashewnøtter

Grønsakswok med bønnespirar og cashewnøtter

Grønsakswok med bønnespirar og cashewnøtter er den maten du treng når middagen må på bordet på under eit kvarter, og du har lyst på noko sunt og godt. Perfekt for… Fortsett å les »

Tysdag

Onsdag

blomkålsuppe med sprøsteikt spekeskinke

Blomkålsuppe med sprøsteikt spekeskinke

Blomkålsuppe med sprøsteikt spekeskinke er ein nydeleg klassikar av ei suppe. Suppa har mild og rund smak av blomkål og salt og sprø topping. At suppa er klar på under… Fortsett å les »

Torsdag

fiskegrateng med spinat og parmesan

Fiskegrateng med spinat og parmesan

Fiskegrateng med spinat og parmesan er ein grøn vri på den tradisjonelle fiskegratengen. Spinat er jo grønt og sunt utan å smake så veldig mykje, og dermed perfekt å blande… Fortsett å les »

Fredag

pizza med spekeskinke

Pizza med spekeskinke

For nokre veker sidan hadde eg hyggeleg besøk av ein journalist frå Sunnmørsposten, og då serverte eg fredagspizza til lunsj. Dette er den pizzaen vi lagar oftast, og som er… Fortsett å les »

Laurdag

Fylt kyllingbryst med feta og soltørka tomat

Fylt kyllingbryst med feta og soltørka tomat

Kylling, feta og soltørka tomat høyrer godt i lag. I denne oppskrifta er kyllingbrystet fyllt med desse deilige smakane og grilla. Det blir saftig, godt og nydeleg salt smak av… Fortsett å les »

Søndag

meksikansk gryte

Meksikansk gryte

Meksikansk gryte var maten vi alltid fekk servert på øvinghelg og andre samlingar i mi tidlegare korps-karriere. Eller karriere og karriere, det var kanskje å overdrive – men maten var… Fortsett å les »

Noko godt

snickerskuler

Snickerskuler

Snickerskuler er ei konfektbombe av ei anna verd. Nydelege altså, men det er nok med ein per person. Eller det var i allefall min konklusjon før eg tok med restane… Fortsett å les »

Brødmat

müslirundstykker med cottage cheese

Müslirundstykker med cottage cheese

Müslirundstykker med cottage cheese er ferdige på ein halvtime, og krev verken elting eller heving. Dei er naturleg glutenfrie sidan dei berre har havregryn og frø i seg, og ikkje… Fortsett å les »

Vekas kake

Brownies (Paleo)

Denne browniesen rører du saman på få minutt og så kan nyte nydeleg nysteikt sjokoladesmak heilt utan kveitemjøl og raffinert sukker! Kaka blir dermed naturleg glutenfri og kan nytast av… Fortsett å les »

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.