Müslirundstykker med cottage cheese

musli rundstykker

Müslirundstykker med cottage cheese er ferdige på ein halvtime, og krev verken elting eller heving. Dei er naturleg glutenfrie sidan dei berre har havregryn og frø i seg, og ikkje noko mjøl.

Med deilig søt smak av rosin og knasande frø er dette nesten som ein steikt versjon av müslibollen vi kjenner til frukost. Min favoritt er med smør og kvitost eller med kremost og syltetøy på.

Rundstykka oppbevarer du i eit kjøkkenhandkle, og dei held seg opp til tre dagar. Varm dei nokre få minutt i steikeomnen før du et dei, eller del dei i to og stikk dei i brødristaren.

Rundstykka er også fine å oppbevare i frysaren, og treng då berre nokre minutt på varmluft 180 grader så er dei som nysteikte igjen.

muslirundstykker med cottage cheese

16 müslirundstykker med cottage cheese

 

  • 500 g (2 boksar) cottage cheese
  • 4 egg
  • 1,5 ts bakepulver
  • 1 ts salt
  • ca 400 g havregryn
  • 50 g sesamfrø
  • 50 g graskarkjerner
  • 50 g linfrø
  • 50 g solsikkefrø
  • 1 neve rosiner
müslirundstykker med cottage cheese

Slik gjer du :

  1. Set omnen på 180 grader varmluft.
  2. Ha cottage cheese, egg, bakepulver og salt i ein bolle og kjør glatt ved hjelp av ein stavmiksar (eller bruk ein blender).
  3. Vend inn havregryn, frø og rosiner og klapp saman til ei jamn deig. Konsistensen skal vere som tørr musli -slik du får når du har for lite yoghurt og for mykje müsli når du et frukost.
  4. Klem saman runde ballar, eller bruk ei isskei og sett rundstykka på bakepapirkledd steikebrett.
  5. Steik i ca 20 min, til rundstykka er gylne.
  6. Avkjøl på rist.
glutenfrie rundstykker

 

 

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Her på bloggen finn du enkle oppskrifter på mat laga frå botnen heime på kjøkkenet vårt.