Vekemeny 15
Første veka av april er overstått, og ein skulle tru at no var det vårsko og sykkel som gjaldt. Men dei fekk seg ei litt uventa pause gitt. Snøvér og kvitt landskap blei opninga på månaden. Heldigvis forsvann ikkje dagslyset sjølv om det blei litt vinter. Og då gjer det meg ingenting at det blir kvitt nokre dagar. Det forsvinn fort likevel.
Håper du har kome i gjenge igjen etter påske og er klar ei ny kvardagsveke. Her får du forslag til kva du kan servere i veka som kjem.
Vekemeny 15
Mandag
Omnsbakte beter
Omnsbakte beter er ein nydeleg måte å bruke haustens rotgrønsaker på. Betene blir nemleg søte og nydelege på smak når dei blir bakte i omnen. Dei kan nytast åleine som… Fortsett å les »
Tysdag
Fisketaco med kvit fisk
Fisketaco er nydeleg godt, og ein perfekt måte å få i familien meir fisk på. Kvit fisk er mild i smaken, og med tacokrydder og tortillachips rundt er det ikkje… Fortsett å les »
Onsdag
Jordskokksuppe med sprøsteikt spekeskinke
Jordskokk er i sesong ein bitteliten del av året, og då gjeld det å nytte denne knallgode rotgrønsaka for det den er verdt. I Malaysia fann eg den under det… Fortsett å les »
Torsdag
Laks med mangosalat
Laks og mango er ein vinnar i lag og smakar utruleg godt! Steik laksen medan du blandar saman salaten, og vips har du nydeleg middag klar. Her får du oppskrift… Fortsett å les »
Fredag
Pizzasnurr
Pizzasnurr er fine porsjonspizza og enkle å ete for små hender. Desse laga eg som vegetarversjon, men om du vil ha kjøttfyll i er det berre å fylle i din… Fortsett å les »
Laurdag
Kyllinglår med estragonsaus
Kyllinglår med estragonsaus er ein mild rett med gode smakar. Estragon både luktar og smakar nydeleg, og gjer heile sausen i denne retten. Finn du frisk estragon på butikken, eller… Fortsett å les »
Søndag
Thai vårrullar
Desse Thai vårrullane, eller Thai Spring Rolls om du vil, har ein herleg frisk smak av koriander og thai fiskesaus. Du kan anten pensle dei og steike dei i steikeomn… Fortsett å les »
Noko godt
Peanøttsjokolade
Peanøttsjokolade er kanskje ein av dei enklaste godsakene du kan lage? Salt og søtt er alltid perfekt kombo, og her skal du berre smelte sjokoladen og så røre inn peanøttene…. Fortsett å les »
Brødmat
Grove rundstykker
Grove rundstykker er alltid populært å få servert til frukost eller å få ha med i matpakken. Ekstra godt er det å kunne dekkje kjøkkenbordet med godt pålegg og servere… Fortsett å les »
Vekas kake
Key Lime Pie
Key Lime Pie er ein kjend pai eller kake som stammar frå Key West sør for Florida. Kaka har lime, søt kondensert mjølk og egg som fyll -ein kombinasjon som… Fortsett å les »
Skrive av Anita
Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.