Pizzasnurr

pizzasnurrer Pizzasnurr er fine porsjonspizza og enkle å ete for små hender. Desse laga eg som vegetarversjon, men om du vil ha kjøttfyll i er det berre å fylle i din favoritt. Fine å leggje i frysaren og ta med på tur, eller varme i omnen ein dag ein treng litt betre kveldsmat.

Set deiga og gled dei rundt deg med smakfull bakst!pizzasnurrar
Til omlag 24 snurrar treng du:

  • 750 g kveitemjøl
  • 5 dl vatn
  • 1/2 pk tørrgjær
  • 2 ss olivenolje
  • 1 ts salt
  • 2-3 nevar riven ost
  • ca 3 dl pizzasaus

pizzasnurrpizza snurrSlik gjer du:

  1. Bland kveitemjøl, vatn, tørrgjær, salt og olivenolje og elt til du har ei jamn deig, gjerne omlag ti minutt i kjøkkenmaskin.
  2. Dekk til og la heve til dobbel storleik.
  3. Set omnen på 225 grader over- og undervarme.
  4. Kjevle ut eit rektangel på omlag 40×70 cm og stryk uttover pizzasaus. Her kan du ha på kokt skinke, kjøttdeig eller pølse om du vil.
  5. Rull saman, del opp og set på bakepapirkledd steikebrett.
  6. Ha over ost og steik i omlag 15 min, til snurrane er gyldne.
  7. Avkjøl på rist.

pizzasnurrPizzasnurrane kan gjerne frysast og varmast før servering. Tin dei på kjøkkenbenken eller set dei direkte inn i omnen på 150 grader varmluft til dei er varme igjennom.

Skrive av Anita

Eg som står bak denne matbloggen heiter Anita, og likar best å stå på kjøkkenet eller på ein fjelltopp her på Sunnmøre. Kjøp gjerne kokeboka mi som kom ut i 2018.